HANDELEN REAGERER: Coop Norge Eiendom AS, som eig Årdalsenteret, meiner det er heilt håplaust å fjerne parkeringsplassane rett utanfir senteret til fordel for eit torg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HANDELEN REAGERER: Coop Norge Eiendom AS, som eig Årdalsenteret, meiner det er heilt håplaust å fjerne parkeringsplassane rett utanfir senteret til fordel for eit torg. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Vurderer å fjerna desse parkeringsplassane: – Eit håplaust forslag

Handelsnæringa i Årdal reagerer sterkt på at parkeringsplassane utanfor Årdalsenteret kan forsvinna.

Årdal: – Det er eit heilt håplaust forslag slik me ser det. Gode parkeringstilhøve nære ved butikken er noko av det viktigaste for å driva butikk i dag. Folk har vorte slik at dei ønskjer å parkera nære butikken når dei handlar. Har ein ikkje dette, så tapar ein konkurransen. Difor er dette ei veldig viktig sak for oss, seier Svein William Nilsen, eigedomssjef for Årdalsenteret i Coop Norge Eiendom AS.

Det er Coop Norge Eiendom AS som eig senteret som kom på plass i Øvre Årdal for få år sidan.

Det var Arbeidarpartiet som kom med forslaget då formannskapet i mai sa ja til 32 nye mellombelse parkeringar på Jotunplassen, eit arbeid som allereie er starta. Som kompensasjon ønskte Ap å gjere sone «GT1», det vil seie parkeringsplassane rett utanfor inngangen til Årdalsenteret, om til ei bilfri sone. 

No er saka sendt ut på høyring med frist til 10. august. Håpet er at ho kan kome til handsaming allereie i det første møtet etter sommaren. Før det vil næringa ha eit ord med i laget. Coop Norge Eiendom har allereie sendt inn høyringsinnspel.

– Uroa for leigetakarane våre

– Me har investert mykje pengar i senteret og ønskjer så mange parkeringsplassar så nære som mogleg. Eg er uroa for leigetakarane våre, dette vil påverka omsetnaden deira og moglegheitene til å driva god butikk. Det er kjempetrist om kommunen ikkje ser det, seier Nilsen, som er både overraska og omtalar forslaget som «dramatisk».

– Me forventar at me kjem i posisjon til å snakka med dei som tek avgjerder i Årdal kommune slik at dei har eit godt nok fundament til å ta ei avgjerd, seier Nilsen om den vidare prosessen.

Etableringa av Årdalsenteret er eit resultat av eit målretta arbeid med å samla handelen i kommunen til ein stad. Tal frå Statistisk sentralbyrå synte at handelen i Årdal vekste i takt med resten av landet i 2016. 

– Mykje av åtte års arbeid kan bli øydelagt

No ber dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg, politikarane om å bremse. 

– Coop er motoren i handelssatsinga på torget. Å sikra optimale vilkår for Årdalsenteret er sjølve fundamentet for å sikra ei god utvikling for besøksnæringane i Årdal. Parkering er eitt av dei viktige rammevilkåra, seier han.

– Me har jobba med dette i åtte år. Mykje av resultatet av dette arbeidet kan bli øydelagt på grunn av ei forverring av konkurransetilhøva i sentrum. Eg håpar kommunen ser alvoret og kan stoppa litt op med reguleringsplanane dei har for sentrum i Årdal. 

Til toppen