AS: Okken Kraft, det kommunale føretaket som forvaltar verdiane som blir skapt her på Stuvane kraftverk, kan bli omgjort til aksjeselskap. Arkivfoto
AS: Okken Kraft, det kommunale føretaket som forvaltar verdiane som blir skapt her på Stuvane kraftverk, kan bli omgjort til aksjeselskap. Arkivfoto (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

Vurderer å gjera Okken Kraft om til aksjeselskap

Torsdag vil kommunestyret i Lærdal gjera første vurdering som kan munna ut i at Okken Kraft går frå kommunalt føretak til aksjeselskap

Lærdal: – Me er for at det skal skje ei omdanning, elles må me danna ein annan konstruksjon. Me har konsesjon på utbygging i Tynjadalen. Viss det blir noko av, kan me ikkje dra med oss finansielle partnarar dersom Okken er eit kommunalt føretak, seier Trond Øyen Einemo, styreleiar i Okken Kraft.

Saka som skal opp for først formannskapet, deretter kommunestyret torsdag er kor vidt det skal dannast eit Okken Kraft AS. Dette kjem i første omgang i tillegg til det kommunale føretaket, og blir starta opp med minste moglege akjsekapital, 30 000 kroner – dersom kommunestyret går inn for det.

– Dette for å starta prosessen med overføring av konsesjon og avtalar til eit aksjeselskap, seier Øyen Einemo.

Blir ikkje avgjort før til hausten

Lærdal kommune overtok Stuvane kraftstasjon frå Østfold Energi hausten 2013 og Okken Kraft KF vart danna for å forvalta verdiane som kom i kommunalt eigarskap. Østfold Energi kjøper kraft som blir produsert i kraftverket, og såleis ligg det inne ein del avtalar mellom Okken Kraft KF og Østfold Energi.

– Kor vidt omdanninga til aksjeselskap skal gjennomførast kjem ikkje på sakskartet til kommunestyret før til hausten. Og blir det då ikkje noko av omdanninga, kan aksjeselskapet som vart oppretta i første omgang avviklast, forklarar Øien Einemo.

Vil styrka miljøet rundt kommunen sin krafteigarskap

Hovudgrunnen for ei eventuell omdanning til AS er altså at til dømes grunneigarar eller kraftselskap skal kunne gå inn som finansielle partnarar i Okken, noko som ikkje går an ved eit kommunalt føretak.

Andre grunnar er «drift og investeringar i Stuvane, realisering av verdiar i Stuvane, samt styrke miljøet rundt Lærdal Kommune sine eigarskap innan kraft», går det fram av saksutgreiinga til rådmannen som kommunestyret får torsdag.

– Ein vil prøva å samla all energiaktivitet under eitt tak med dette grepet. Slik det er no blir generforsamlinga til Okken Kraft kommunestyret sjølve og styret i Okken blir sett under administrasjon av kommunestyret, kan du seia, forklarar Øyen Einemo.

 

Til toppen