VINTERLEG: Biletet er teke klokka 09:53 onsdag morgon av eit webkamera på Sognefjellshytta 1400 meter over havet.
VINTERLEG: Biletet er teke klokka 09:53 onsdag morgon av eit webkamera på Sognefjellshytta 1400 meter over havet. (Foto: Statens vegvesen)

Sognefjellet er opna, Tindevegen følger etter 

Uvêret frå tysdag har stilna.

Luster/Årdal: Sognefjellet vart stengt sidan tysdag morgon på grunn av uvêr. Klokka 13.23 onsdag skriv vegtrafikksentralen at fjellovergangen er open att.

HAR ROA SEG: Snø og vind gjorde at Tindevegen vart stengt, men onsdag går det mot opning att. Foto: Tindevegen.no/webkamer

Ifølgje yr.no er det 5-6 minusgrader og frisk bris på fjellet, men omtrent ikkje nedbør. Prognosane framover ser ut til å vera stabile, men det kan bli noko kaldare.

Tindevegen mellom Øvre Årdal og Turtagrø har óg vore stengd på grunn av vind og snø. Der er det forventa opning klokka 14.00 onsdag. På nettsida blir det meldt om rundt 4 minusgrader, opphald og lett bris.

Til toppen