HØYRING: Lærdal kommune vurderer å selje eigedommane på biletet, går det fram av ein rapport som no er lagt ut på høyring. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
HØYRING: Lærdal kommune vurderer å selje eigedommane på biletet, går det fram av ein rapport som no er lagt ut på høyring. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Vurderer å selje desse eigedommane

Åtte eigedommar i Lærdal kommune er no lagt ut på høyring og blir vurdert selde.

Lærdal: Det var i samband med budsjettvedtaket for 2015 at Lærdal kommune ønskte å kvitta seg med kommunale eigedommar.

Kommunen eig mykje bygningsmasse, og mykje av det blir ikkje nytta i den kommunale tenesteproduksjonen. Det er noko som utgjer høgare driftsutgifter enn naudsynt og det gir eit etterslep på vedlikehald av bygningane. 

Ei prosjektgruppe med Trond Øyen Einemo som leiar vart sett ned. Desse har kartlagt kva eigedommar som kan seljast, men då saka var oppe til handsaming i juni i fjor, viste det seg at enkelte av eigedommane var meir problematisk enn andre.

– Det er ein del interesse og privatinteresse i desse, og no får alle moglegheit til å uttala seg i saka, seier Einemo. 

Totalt er det snakk om ein 14 eigedommar som vert tilrådd selde, og ytterlegare fem som bør seljast seinare. Til no har dei greidd å selja to av eigedommane, mellom anna Aktivitetshuset. 

Dei åtte eigedommane som no er lagt ut på høyring er Rikheim skule, Frønningen skule, Strendene skule, Murnaustet, Samfunnshuset på Borgund, Steinklepp/Berge gamle skule, Husum skule og Losjehustomta.

På nokre av tomtene har kulturkontoret kome med merknader. 

Til toppen