Aurland: Under årets haustjakt må jegerane i kommunane rundt Nordfjella felle opp til dobbelt så mange hjort enn vanleg for å hindre spreiing av skrantesjuka. Klarer dei ikkje det, kan staten setje inn statlege jaktlag.
Det stadfestar direktør for planter og dyr i Mattilsynet, Karen Johanne Baalsrud, til NRK.
Det er ikkje påvist skrantesjuke på hjort her i landet. Forskarane veit heller ikkje om sjukdomen smittar frå reinsdyr til hjort. Men Mattilsynet ønskjer å vere føre var.
– Erfaringane frå USA, som har hatt skrantesjuke i 50 år, viser at sjukdomen er funnen på fire ulike hjortedyr, seier Baalsrud.
– I prinsippet må ein ta ned hjortestamma så mykje som mogleg for å få bukt med skrantesjuka, seier viltforvaltar Knut Fredrik Øi i Aurland, Lærdal og Årdal. Han har oppmoda fleire vald i sitt område til å doble nedskytinga av hjort i år.
Mattilsynet vil unngå at hjort og rein blandar seg.
– Hjort har lett for å trekke til fjells, og vi ønskjer å unngå at dei er i område der dei kan gå i lag med reinsdyr. Dersom dette skjer og det ikkje er blitt teke ut mange nok hjortedyr, vil vi vurdere å sette inn statleg jakt også der, seier Karen Johanne Baalsrud.
(©NPK)