DIREKTE: Sogndal Næringsforening har skrive ope brev til Widerøe der dei påpeikar kor viktig ei direkte dagrute frå Sogndal til Oslo er for det lokale næringslivet. Foto:  Dash 8  av  Aero Icarus / Flickr Creative Commons .
DIREKTE: Sogndal Næringsforening har skrive ope brev til Widerøe der dei påpeikar kor viktig ei direkte dagrute frå Sogndal til Oslo er for det lokale næringslivet. Foto:  Dash 8  av  Aero Icarus / Flickr Creative Commons .

– Vurderer rutene kontinuerleg

Widerøe presiserer at dei ser på ulike scenario for rutetilbodet mellom Sogndal og Oslo, og at ingenting er konkludert.

Sogndal: – Når det gjeld rutetilbodet til/frå Sogndal evaluerer me dette kontinuerleg – på lik linje med alle alle andre ruter me opererer. Ofte er det slik at ruter midt på dagen blir floge i kombinasjon med andre destinasjonar. Dette for at destinasjonane me opererer skal kunne få best mogleg rutetilbod basert på etterspurnad og setekrav i statens kjøp.

Det skriv rutesjef kortbane i Widerøe Jørgen Nergård i eit tilsvar etter at Sogndal handelsforening tysdag sende eit ope brev med ei bekymringsmelding i høve ei mogleg ruteendring på Widerøe sitt dagfly mellom Sogndal og Oslo.

Les også: – Sogndal Lufthamn er avgjerande for eit velfungerande næringsliv

Den moglege endringa går ut på at ruta kan koma til å gå ein time før og via Ørsta/Volda – noko som fører til både eit lengre strekk utan avgangar frå Sogndal, og meir enn dobbelt så lang flytid på avgangen.

– Det er viktig å streka under at me utgreier ulike scenario for å imøtekoma etterspurnad og  reisemønster på best mogleg vis. Det er såleis ikkje konkludert med noko ruteendring til/frå Sogndal, står det vidare i tilsvaret.

Nergård påpeikar også at Widerøe har invitert Sogn regionråd til møte på Lysaker om vidareutvikling av flyrutene til og frå Sogndal.  

Til toppen