TILTAK MOT SKRANTESJUKE: Vitskapskomiteen for mattryggleik har fått i oppdrag å vurdera kva for tiltak som er eigna mot skrantesjuke.​ Foto: Knut Fredrik Øi.
TILTAK MOT SKRANTESJUKE: Vitskapskomiteen for mattryggleik har fått i oppdrag å vurdera kva for tiltak som er eigna mot skrantesjuke.​ Foto: Knut Fredrik Øi. (Foto: Knut Fredrik Øi)

Vurderer tiltak mot skrantesjuke

Vitskapskomiteen for mattryggleik har fått i oppdrag å vurdera kva for tiltak som er eigna mot skrantesjuke.

  • Endret

Lærdal: Mattilsynet og Miljødirektoratet har kome med bestillinga, og vil at komiteen skal vurdera ulike tiltak og strategiar for å få bukt med sjukdomen og hindra smitte. Dei skal òg vurdera om tiltaka sett i verk i Nord-Amerika er eigna her heime.

Rapporten skal vera klar i mars 2017.

Skrantesjuke – òg kjend som Cronic Wasting Disease – er velkjend frå hjortedyr i Nord-Amerika, men vart for første gong oppdaga i Europa i april 2016. Under jakta i haust har Miljødirektoratet undersøkt 6.000 hjortedyr og funne skrantesjuke på to reinsdyr.

Det er fordi sjukdomen er ny her at Miljødirektoratet og Mattilsynet har bede Vitskapskomiteen om å gjera ei risikovurdering. (©NPK)

Til toppen