TRULEG OMKOMEN: Ein lege har gjort ei vurdering der konklusjonen er at den sakna 37-åringen truleg ikkje er i live lenger. Søket er ein truleg omkomen person startar opp laurdag på Haukåsen. Foto: Halvor Storvik. 
TRULEG OMKOMEN: Ein lege har gjort ei vurdering der konklusjonen er at den sakna 37-åringen truleg ikkje er i live lenger. Søket er ein truleg omkomen person startar opp laurdag på Haukåsen. Foto: Halvor Storvik. 

Vurdering av lege: – 37-åring er truleg omkomen

Fredag morgon opplyser politiet om at det ikkje lenger er håp om å finne den sakna mannen som forsvann frå Haukåsen i live. 

Sogndal: Politet har no avgjort å avslutta den type søk det har blitt gjort etter den sakna 37-åringen som kom vekk frå turfølget sitt på Haukåsen måndag kveld. 

Les også: Ber om hjelp frå frivillige i søket etter sakna mann (37)​

– Me har vore i kontakt med lege som har vurdert kor lenge det er mogleg å halda seg i live utandørs. Svaret til legen førte til at søket etter vedkommande vert avslutta, men at me no går over i ein ny fase. No søker me etter ein truleg omkomen person, seier Per Rimmen, operatør i politiet Sogn og Fjordane til Porten.no. 

Kontakt med familien

Den 37 år gamle mannen forsvann då han og to andre var på tur med institusjonen han bur på. Store leitemannskap og fleire frivillige har delteke i leitinga etter den sakna mannen. 

– Me har vore i kontakt med den sakna sin familie og dei har vore informert heile vegen, seier Rimmen. 

Les også: Ingen spor etter sakna 37-åring 

Legen har gjort vurderinga si basert på påkledning, mat og vêrforhalda i området.

Basert på denne vurderinga går politiet og leitemannskap over til søk etter ein truleg omkomen person. 

Nytt søk laurdag

Fredag blir det ikkje gjennomført nye søk etter den sakna mannen. Politiet skal møtast i Sogndal for å leggja ein plan om vidare søk. Leiteaksjonen etter den truleg omkomne personen held fram laurdag. 

– Me kjem til å halde fram i morgon med å leite på plassar som kan vere aktuelle. Då kan me ikkje bruke dei same metodane som me har brukt fram til no i terreng. Det vil vere aktuelt å søkje i elver, seier Rimmen. 

Les også: Søk etter sakna mann (37) held fram

Denne veka har fleire frivillige stilt opp i søket etter den sakna 37-åringen. Når søket blir flytta frå terreng til elever, må politiet bruka utdanna folk. 

– Røde Kors har utdanna folk som kan søke i elever. Om me skal byrja med dykking, er det dei me må ha hjelp av. Det er endå ikkje bestemt kva område som skal søkast i, avsluttar Rimmen.  

Til toppen