Årdal: I går etterlyste Årdal kommune tips etter at ein rull med flunkande nytt kunstgras vart stole. Dei opplyste at om kunstgrassrullen ikkje vart returnert innan mandag, ville saka anmeldast. No er den tilbake.
– I løpet av natta har ukjende gjerningsfolk vore snille og lagt sakna kunstgras tilbake og sikra vedlikehald av kunstgrasbana for framtida, skriv kommunen på si heimeside
Kommunen er veldig takksam for at kunstgrasrullen er returnert.
– Som de ser av bilete, er dette ingen liten rull, så håpar korrekt løfteteknikk eller tilstrekkeleg utstyr blei nytta, føyer dei humoristisk til.