OPPSVING: Aluminiumsindustrien kan få seg ein oppsving på grunn av Volkswagen-skandalen. Foto: Norsk Hydro.
OPPSVING: Aluminiumsindustrien kan få seg ein oppsving på grunn av Volkswagen-skandalen. Foto: Norsk Hydro.

VW-jukset kan styrke aluminiumsindustrien

Det avslørte miljøjukset hjå bilgiganten Volkswagen kan føre til auka etterspurnad etter aluminium og gje eit løft for industrien, trur Norsk Hydro.

  • Endret

Ved å bruke aluminium i staden for stål kan bilprodusentane nemleg få ned vekta på bilane og dermed også senka drivstofforbruket.

– Det er enno tidleg å seia noko om kva utsleppsskandalen vil bety reint konkret, men det er ikkje tvil om at auka bruk av aluminium er ei god løysing for bilselskap som jaktar på lågare utslepp frå bilane dei produserer, seier informasjonssjef i Hydro, Øyvind Breivik, til Adresseavisen.

– Difor kan dette faktisk resultere i ytterlegare auka aluminiumsetterspurnad frå transportsektoren, held han fram.

Hydro ventar at etterspurnaden etter aluminium vil auka med mellom 25 og 40 prosent fram mot 2020. Breivik innrømmer at metallprisane for tida er lågare enn kva Hydro helst skulle ha sett, men er optimist med tanke på åra som kjem.

– I eit lengre perspektiv er det ikkje tvil om at verda treng mykje meir aluminium, blant anna for at bilane me køyrer skal bli lettare og sleppa ut mindre CO2. Difor har me klokketru på framtida for vår produksjon, seier han.

Volkswagen-skandalen slo ned som ei bombe då det i september blei kjend at selskapet har brukt utstyr som manipulerer utsleppstestane for rundt 11 millionar dieselbilar. Bilgiganten vert etterforska i ei rekke land etter miljøjukset. (©NTB)

Til toppen