Molde-Sogndal: 1-2
Heimelaget Molde hadde den største sjansen i ein jamnspelt førsteomgang. Etter ti minutt vart Eirik Hestad spelt gjennom på blankt mål, men Mathias Dyngeland varta opp med ei mesterredning.
For eit lag som har måtta stole på fotballpensjonistar for å få bukt med stopparkrisa var det godt å få ein ny omgang utan baklengs. Men midtstoppar Kjetil Wæhler ville ikkje framheve si eiga rolle då laga gjekk til garderobane ved halv tid.

– Det er ikkje noko fokus. Heile laget jobbar bra defensivt, får håpe det held fram i andreomgang, sa han i pauseintervjuet med Eurosport.
Les også: Sogndal avviser feiltrening etter nok ein skade
Andreomgang starta med eit smell. Plutseleg var Ramsland gjennom på mål og med si første avslutning for kampen skåra han sitt fjerde mål i år.
Ikkje lenge etter var 17-åringen Ulrik Fredriksen nær ved å doble etter ein corner, men ballen vart redda på streken. Målet skulle likevel kome. Etter 56 minutt vart Eirik Schulze spelt fri av Gilbert Koomson. Mandalitten var iskald i mottaket og avslutninga og sørga for 2-0 til Sogndal.
Feiringa fekk ikkje vare lenge, for like etter låg ballen i nota motsett veg. Sigurdarson vart spelt fri og Wæhler var eit tidel for seint ute med tacklinga. 1-2 og ny spaning i kampen.
Like etter var Wæhler igjen milimeteren for seint ute då han harva ned innbyttar Thomas Amang. Superveteranen såg temmeleg letta ut då dommaren trakk opp det gule kortet. Herifrå og ut var det Molde som pressa. For Sogndal vart det med nokre spede kontringsforsøk.
Men iherdig jobbing og nokre defensive byter gjorde at Molde sleit med å trenge gjennom. Den siste sjansen var det Molde og Thomas Amang som fekk, men denne gongen kom Kjetil Wæhler akkurat tidsnok til å få blokkert skotet. Då dommaren bles i fløyta var det til massiv pipekonsert frå heimepublikumment mot ein stadig meir pressa Ole Gunnar Solskjær.