TAUS OM FRAMTIDA: Kjetil Wæhler har blitt ei viktig brikke i midtforsvaret til Sognal. Om han spelar for klubben neste år har han ikkje bestemt seg for enno.
TAUS OM FRAMTIDA: Kjetil Wæhler har blitt ei viktig brikke i midtforsvaret til Sognal. Om han spelar for klubben neste år har han ikkje bestemt seg for enno. (Halvor Farsund Storvik)

Wæhler har ikkje bestemt seg for om han vil halda fram i Sogndal

Men heimefansen kan gleda seg over at han i det minste ikkje svarar kategorisk «nei».

Sogndal: At Kjetil Wæhler skulle enda opp i Sogndal hadde dei færraste sett for seg før sesongen. Då er det kanskje mindre utruleg om han skulle finna på å ta enno eit år i saftbygda.

Men svaret på det får me ikkje på ei god stund enno.

– Den avgjerda tek eg ikkje før langt ut i desember, januar. Mitt oppdrag er fullført her når me held oss i eliteserien. Det er det einaste eg tenkjer på no, så får me ta alt det andre etterpå, seier Wæhler.

– Me er framleis i live

Den utrulege 5-2 sigeren mot Vålerenga søndag vart ein gedigen opptur for eit sogndallag som har slite litt i motvind denne hausten. Wæhler åtvarar dei som måtte tru at dei to kvalikkampane mot Ranheim berre blir ein transportetappe.

– Me gjorde jobben i helga. Me er framleis i live, men me er kun halvvegs. Me har to tøffe kampar igjen, seier Wæhler.

I dag er det altså klart for det første hinderet. Ranheim kjem til Fosshaugane for å skaffa seg eit godt utgangspunkt før returmøtet på laurdag.

Wæhler skulle gjerne sett det var omvendt:

Satsar på siger mot Ranheim

– Eg skulle gjerne sett at me hadde siste kampen heime, men det handlar om å halda nullen og kanskje gjenskapa det som me fekk til offensivt mot Vålerenga. Så håper eg at me greier å vinna kampen, seier Wæhler. 

Han seier det er viktig for både laget, bygda og han sjølv at dei greier å halda seg i eliteserien. Han kom ikkje til Sogndal for å få med seg eit nedrykk på tampen av karriera.

– Det har vore eit veldig bra eventyr så langt og det er enno ikkje slutt, seier Wæhler.

Så får me sjå om avslutninga kjem på laurdag, eller om det blir eit nytt kapittel neste år.

Til toppen