SIKTAR MOT MESTERLIGAEN: Hege Bakken Wahlquist frå Årdal siktar seg inn på mesterligahandball til hausten. Foto: Peter Tubaas.
SIKTAR MOT MESTERLIGAEN: Hege Bakken Wahlquist frå Årdal siktar seg inn på mesterligahandball til hausten. Foto: Peter Tubaas.

Wahlquist kan få spela i mesterligaen

Drammensklubben Glassverket med årdalsjenta Hege Bakken Wahlquist på laget tok sist sesong sølv i Grundigligaen. 

  • Endret

Drammen/Årdal: – Sesongen gjekk over all forventning. Me fekk jo sølv, så det var heilt topp. Sølv føles litt som gull sidan det var Larvik som vann serien. Me veit at det nesten er umogleg å vinna serien når Larvik har det laget, seier Wahlquist til Porten.no.

Glassverket gjorde eit skikkeleg hopp på tabellen frå sesongen før 2014/15-sesongen til den som var. Andreplassen gir også sjansen på mesterligaspel. I september skal dei ut i kvalifisering. 

I første omgang ventar SERCODAK Dalfsen frå Nederland. Vinn dei denne kampen, møter dei truleg Györ. 

Mesterliga-kvalifisering

– Interssa rundt håndballen i Drammen har teke seg opp utover i sesongen. Me har eit tilskuarsnitt på 1000, så det er ikkje berre Godset-folk i Drammen, seier Hege.

Les også: Larvik vart for sterke for Hege og Glassverket

– Det vert hardt, men utruleg moro om me får møta Györ. Me får berre fortsetta som i fjor med å vinna mest mogleg kampar.

Sjølv er ho delvis nøgd med det ho presterte førre sesong. Ho meiner sjølv ho bomma litt for mykje og at det kunne vore betre i forsvar.

– Det var moro då me hadde Larvik i kne heime i Drammenshallen framfor mykje publikum i den første sluttspelfinalen, fortel ho om kampen som Larvik til slutt vann med eitt mål.

Hardkøyr

I juli månad har ikkje laget fellestreningar men då har dei fått program med eigentrening og spelarane styrer treningsdagen som dei vil sjølv.

– I oppkjøyringa før ferien trente me 10-11 økter i veka, medan det vert noko mindre i sesongen med 8-9 økter.

Hege trivst både i Drammen og Glassverket.

– Eg har tidligare spelt to år i Sola, men det er heilt klart her eg likar meg best fordi det er bra miljø og bra trenar, seier ho og legg til at spel på landslaget er eit mål ho har sett seg.

Til toppen