BERRE NESTEN: Ho kom med i bruttotroppen, men vart funnen for lett i det endelege uttaket. Hege Bakken Wahlquist må dermed truleg sjå EM frå sofakroken som alle oss andre. 
BERRE NESTEN: Ho kom med i bruttotroppen, men vart funnen for lett i det endelege uttaket. Hege Bakken Wahlquist må dermed truleg sjå EM frå sofakroken som alle oss andre. 

Wahlquist kom ikkje med i EM-troppen

Landslagssjef Thorir Hergeirsson har tatt ut den endelege troppen til handball-EM i Sverige i desember.

Hege Bakken Wahlquist frå Årdal vart i oktober tatt ut til bruttotroppen på 28 spelarar. Då trudde ho det var små sjansar for at ho skulle greie det endelege uttaket.

I dag vart det kjent at Camilla Herrem og Sanna Solberg som forventa kaprar dei to venstrekantplassane i troppen. Dermed vart det ikkje funne plass til Wahlquist i denne omgang, sjølv om skader på dei to stjernespelarane kan gjere at ho blir henta inn i varmen når som helst i løpet av turneringa.

Ei av dei store overraskingane i uttaket er at Kjerstin Boge Solås (18), eit anna talent frå fylket, har greidd å snike seg med.

Her er den endelege troppen:

Stine Skogrand, Camilla Herrem, Marta Tomac, Marit Malm Frafjord, Kjerstin Boge Solås, Emilie Hegh Arntzen, Vilde Ingstad, Silje Waade, Veronica Kristiansen, Sanna Solberg, Amanda Kurtovic, Stine Bredal Oftedal, Nora Mørk, Malin Aune, Silje Solberg, Kari Aalvik Grimsbø.

Til toppen