JUBLA FOR SØLV: Hege Bakken Wahlquist og Glassverket kunne onsdag sleppa jubelen laus etter å ha sikra sølv i Eliteserien i handball. Foto: Peter Tubaas. 
JUBLA FOR SØLV: Hege Bakken Wahlquist og Glassverket kunne onsdag sleppa jubelen laus etter å ha sikra sølv i Eliteserien i handball. Foto: Peter Tubaas. 

Wahlquist og Glassverket tok sølv

Onsdag sikra Hege Bakken Wahlquist og Glassverket 2. plass i Eliteserien i handball.

Glassverket har hatt godt grep om 2. plassen i Eliteserien den siste tida, men etter å ha tapt to kampar på rad med eitt mål, vart det plutseleg jamnt bak suverene Larvik som sikra gullet for fleire veker sidan.

– Me har vore litt nervøse før denne siste kampen fordi me tapte dei to før. Me følte at no måtte me berre sikra det, seier Wahlquist til Porten.no.

Det klarte dei. I bortekampen mot Fredrikstad endte det 32-23 til Glassverket. Dermed var sølvet sikra.

– Som å ta gull

– Det føles kjempegodt. Me har diskutert det litt garderoben at det føles nesten ut som eit gull fordi Larvik er så suverene. Før sesongen sa me at det ikkje var vits å prøva på gull ein gong, ler ho.

Sjølv om sesongen vart avslutta med sølvtøy, er ikkje 22-åringen frå Årdal like nøgd med eigne prestasjonar denne sesongen.

– Det har vore litt opp og ned. Eg er ikkje kjempenøgd med litt for mange unaudsynte bom, så eg satsa på ein betre sesong neste år, seier ho.

God lagmoral

Men noko bra må ho gjera. For nokre veker tilbake signerte Wahlquist ny kontrakt med Glassverket som går ut etter sesongen 2016. 

– Me har snakka mykje om det, og eg skal prøva å få opp uttellinga til neste år. Eg skal trena mykje på det, seier ho og peikar på god stemning i laget som ei viktig årsak.

– Eg er veldig nøgd her. Laget er så bra, der ingen av spelarane er primadonnaer. Alle er på same bølgjelengde og gode vener. 

Drøymer om landslaget

Wahlquist studerer for tida sjukepleie på Høgskolen i Drammen. Til neste år vil ho vera ferdig utdanna. Forelaupig tar ho eitt år i slengen når gjeld framtida.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det. Målet er å gjera det bra, seier ho og innrømmer at ambisjonane er landslaget.

– Ja, landslaget vil alltid vera målet. Det har eg veldig lyst, og det er grunnen til at eg må få opp prestasjonane for å få moglegheita til det.

Til toppen