TOPPSCORAR: Hege Bakken Wahlquist scora åtte mål for Glassverket på bortebane mot Byåsen og vart kåra til banas beste spelar. Foto: Arkiv. 
TOPPSCORAR: Hege Bakken Wahlquist scora åtte mål for Glassverket på bortebane mot Byåsen og vart kåra til banas beste spelar. Foto: Arkiv. 

Wahlquist scora flest mål mot Byåsen 

Hege Bakken Wahlquist og resten av handballdamene på Glassverket, synte Byåsen ingen nåde i den andre semifinalen og vann 33-25 i trønderhovudstaden – og dermed 64-58 samanlagt.

Årdal: Ein rå førsteomgang la grunnlaget for Glassverket som tok seg til sin andre sluttspelfinale på to år, skriv klubben på sine nettsider

– Det smakar sjølvsagt skikkelig godt å ta seg til enda ein finale. Det er ekstra deilig når me tapte den første og så klarar me å snu det her oppe, seier Hege Bakken Wahlquist.

Årdølen vart kåra til banas beste og scora åtte mål under kampen. 

Les også: No manglar ho berre gullet

Maktdemonstrasjon ga ny finale

Glassverket starta med ein målvaktsredning og fekk raskt overtaket. Byåsen haldt nokon lunde følgje til 7-10 i det 18. minutt, men så scora ikkje heimelaget meir i den omgangen. Det skilte heile ni mål til pause, ifølgje Glassverketelite. 

Kantspelaren frå Årdal tok skikkelig scoringsansvar med åtte mål og blei kåra til Glassverkets beste spelar. Utanom kontrings- og kantmåla, inklusive eit trick, scora ho på straffe og tre frå distanse. Då trønderane markerte ut bakspelarane, var det berre for kantspelarane å springa.

– Det vart mange moglegheiter frå uvante posisjonar i dag, men det er berre kjempegøy. Det er ein av dei aller artigaste kampane eg har vore med på, seier Wahlquist.

Byåsen var på offensiven etter pause, men Glassverket leia med tolv mål då Line Bjørnsen sette inn 28-16 19 minutt ut i andre omgang.

Glassverket møte Larvik i finalen, som etter planen skal spelast 11. og 14. mai 2016.

Til toppen