TIL FINALE: Hege Bakken Wahlquist frå Årdal storspelte då Glassverket slo Molde og tok seg til sin første cupfinale på 34 år. Dette blir første gongen kantspelaren spelar ein cupfinale. Foto: Peter Tubaas.
TIL FINALE: Hege Bakken Wahlquist frå Årdal storspelte då Glassverket slo Molde og tok seg til sin første cupfinale på 34 år. Dette blir første gongen kantspelaren spelar ein cupfinale. Foto: Peter Tubaas.

Wahlquist sentral – klar for sin første NM-finale

Hege Bakken Wahlquist blei delt toppscorar då Glassverket sendte Molde ut av NM.

Drammen/Årdal: Riktig nok delte ho toppscorartittelen med to av lagveninnene, men aldri før har ho scora så mange mål i ein seriekamp før. På dagen for eitt år sidan scora ho sju mot Byåsen.

– Eg følte eg sette dei ballane eg skulle, og då blir ein jo roleg og drar med meg den sjølvtilliten vidare i kampen, seier ho til Porten.no.

– Heilt rå

Kantspelaren har til no i sesongen allereie scora 30 prosent meir enn i fjor.

– Det er lenge sidan eg var skadd, men eg kjem meir og meir inn det for kvart år. Og så har eg fått meir speletid denne sesongen og føler meg meir sikker. I tillegg har me hatt ei ekstra trening i veka med fokus på skyting. Det hjelper jo på, smiler ho.

Les også: Tok seg vidare til semifinale – møter Molde

Trenar Kenneth Gabrielsen rosar Wahlquist opp i skyene etter kampen.

– Hege var heilt rå i dag. Det er så gøy å sjå at ho lykkast. Eg får nesten ein klump i halsen. Det var heilt fantastisk. Ho har jobba hardt for dette, seier han til klubbens heimeside.

Første finale på 34 år

 

Då Wahlquist og Glassverket gav seg onsdag kveld, stod det 35-27 til heimelaget frå Drammen, som dermed er klare for sin første finale på 34 år.

Også for årdølen blir dette ei oppleving ho berre har opplevd gjennom TV-skjermen eller frå tribuneplass tidlegare.

Les også: Årdøler kjempa mot kvarandre i NM

– Det er veldig stort. Me sette oss som mål før sesongen å nå cupfinalen, så det er deilig å innfri det. Det har ikkje heilt gått opp for meg enno, ler ho.

– Det er ganske mykje folk og god stemning på cupfinalen, så eg håpar det blir sånn no også. 

Finalen skal spelast 30. desember. Der er, ikkje overraskande, Larvik motstandar.

Til toppen