PÅ ÅRETS LAG: Hege Bakken Wahlquist er utteken på årets lag i eliteserien, eit lag som spelarane sjølv tar ut. Foto: Peter Tubaas/glassverketelite.no.
PÅ ÅRETS LAG: Hege Bakken Wahlquist er utteken på årets lag i eliteserien, eit lag som spelarane sjølv tar ut. Foto: Peter Tubaas/glassverketelite.no.

Wahlquist teken ut på årets lag

Hege Bakken Wahlquist frå Årdal er kåra til årets venstre kantspelar i Noreg.

Årdal/Drammen: Med éin kamp att av sesongen, kan den unge årdølen sjå tilbake på to strålande sesongar for Glassverket.

No kan ho også juble for ei personleg bragd, nemleg å bli teken ut på årets lag i eliteserien i handball. Det er spelarane sjølv som kårar og tar ut laget.

Sjekk kven som er på årets lag nedst i artikkelen.

– Dette hadde eg aldri trudd. Det var skikkeleg moro. Eg blei veldig overraska. For min del er det prikken over i-en i ein god sesong for Glassverket og for meg. Det gir sjølvtillit, og den tar eg med meg vidare, seier ho til glassverketelite.no.

Fantastisk sesong

Glassverket har i løpet av dei to siste åra prøvd å ta opp kampen med Noregs suverent beste lag Larvik. I fjor kunne dei juble for sølv og finale i sluttspelet.

I år vart det bronse, og onsdag kveld tapte dei den første sluttspelkampen mot Larvik. I tillegg har dei spelt handball i Europa, og tidlegare i år var Wahlquist lagets toppscorar i alle desse turneringane.

Laurdag skal den andre finalekampen spelast. Det blir hennar siste kamp for drammenslaget før ho set kursen mot Danmark og TTH. 

Til toppen