PUTTA SJU: Hege Bakken Wahlquist scora sju då TTH gjekk vidare i den danske cupen. Foto: Peter Tubaas/glassverketelite.no (Arkiv).
PUTTA SJU: Hege Bakken Wahlquist scora sju då TTH gjekk vidare i den danske cupen. Foto: Peter Tubaas/glassverketelite.no (Arkiv).

Wahlquist toppscorar då TTH gjekk vidare i cupen

Hege Bakken Wahlquist fann nettmaskene sju gonger då laget hennar gjekk vidare i den danske cupen.

Årdal: Det var to nordmenn som markerte seg i den tette og jamnspelte kvartfinalen mot Silkeborg-Voel.

I det som vert skildra som eit drama på klubbens eigne heimesider, låg TTH under med fire på eit tidspunkt i andre omgang, men utnytta seg av overtalsspel og kjempa seg tilbake.

Like før slutt utlikna vertane til 25-25, og kampen måtte avgjerast med ekstra-omgangar. Her var det derimot TTH som førte kampen, og med eit halvminutt igjen kom sigersmålet frå Anette Jensen til 29-28 og cupavansement.

Øvst på toppscorarlista for begge lag trona to nordmenn. For Silkeborg-Voel scora Stine Skogrand åtte, medan Årdalsjenta Hege Bakken Wahlquist blei toppscorar for sitt lag med sju nettkjenningar. 

Semifinalane vert spelt i slutten av desember. 

Til toppen