TOPPSCORAR: Hege Bakken Wahlquist blei toppscorar då Team Tvis Holstebro tok sesongens første siger i den danske serien. Arkivfoto: Peter Tubaas/glassverketelite.no.
TOPPSCORAR: Hege Bakken Wahlquist blei toppscorar då Team Tvis Holstebro tok sesongens første siger i den danske serien. Arkivfoto: Peter Tubaas/glassverketelite.no.

Wahlquist toppscorar då TTH tok sesongens første siger

Årdølen skinte då Team Tvist Holstebro tok sesongens første siger i den danske serien.

Holstebro/Årdal: Det tok fire kampar, men endeleg kunne Hege Bakken Wahlquist og det danske laget hennar juble for siger då dei slo Skanderborg tysdag. 

TTH klinte like så godt til med ein skikkeleg storsiger. Etter 60 minutt med handball viste måltavla 37-25 til laget til årdølen.

Ikkje nok med det, men Wahlquist vart også toppscorar i kampen med sine seks nettkjenningar. I kampreferatet til klubben bli vingen framheva.

– Det gode forsvarsspelet og Viums redningar bana veg for fleire kontrascoringar, der særleg Hege Bakken Wahlquist var knivskarp på venstreflanken og scora seks mål på like mange forsøk.

Les også: – Var så nervøs at eg ikkje hugsar mykje frå debuten

Porten.no snakka med Wahlquist i førre veke, der ho kunne fortelje at ho sakte, men sikkert byrjar å bli vand med dei nye omgjevnadene. 

– Det er veldig nytt og annleis her. Eg merkar at det er ein del å setja seg inn i. Eg føler eg ikkje er komen heilt inn i ting enno, verken på eller utanfor bana, men det er moro, og eg trivast godt, sa ho. 

Til toppen