Sogn: Det er staten vegvesen som står bak den interaktive trafikktenesta. Ved å klikka deg fram på eit interaktivt kart og leggja inn kva rute du skal køyra, kan du få oppdaterte opplysningar om trafikk-, vêr og føremeldingar.
Du kan også få opp andre opplysningar som informasjon om bomstasjonar og ferjestrekningar.
– Dette er eit godt verktøy for publikum til å planleggja reisene sine i påska, seier Odd Willy Aas i Statens vegvesen.
Det er spesielt mange kamera på høgfjellsovergangane. I tillegg er det plukka ut fleire strategiske innfartsårer og kjende punkt med kø.
– Dei mest populære webkameraa står ved Dyranut, Hemsedalsfjellet, Filefjell, Stryken, Rena og Kvikneskogen, seier Aas.
(©NPK)