SLUTTAR: Frank Westad har sagt opp jobben som rådmann i Årdal. Foto: Arkiv.
SLUTTAR: Frank Westad har sagt opp jobben som rådmann i Årdal. Foto: Arkiv.

Westad sluttar som rådmann i Årdal

Frank Westad har sagt opp jobben som rådmann i Årdal kommune. 

Rådmannen bekreftar at opplysningane stemmer i ei tekstmelding til Porten.no.

– Det stemmer, skriv han i tekstmeldinga.

Det er familiære årsaker som gjer at Westad skiftar beite ved årsskiftet. Til Porten.no fortel han at han skal bli sambuar i Stavanger.

HAR SAGT OPP JOBBEN: Frank Westad.
HAR SAGT OPP JOBBEN: Frank Westad.

– Eg har trivdes veldig godt og hatt eit strålande samarbeid med ordførar. Det er vemodig for eg trivdes veldig godt både som privatperson og tilsett i kommunen. Hadde det ikkje vore for ei vakker kvinne, hadde eg blitt her, ler han.

I april meldte Sogn Avis at den tidlegare rådmannen i Hornindal hadde søkt på jobben som rådmann i Hå kommune nettopp fordi han ville komma nærare kjærasten i oljebyen. 

Westad, som byrja i jobben her i Årdal i 2013, skal i januar ta til som organisasjons- og personalsjef i Rennesøy kommune, men fram til det ligg fokuset fullt og heilt på Årdal.

– No er eg berre fokusert på der eg er no. Det er fortsatt ein formidabel jobb å gjera her med å få 2015-budsjettet i balanse.

Til toppen