Aurland: Vikariatet varar frå 1. august til 7. april neste år. Westad har tidlegare vore rådmann i Årdal kommune fram til 31. desember 2014 då han valte å skifte beite av familiære årsaker.
– Eg har trivdes veldig godt og hatt eit strålande samarbeid med ordførar. Det er vemodig for eg trivdes veldig godt både som privatperson og tilsett i kommunen. Hadde det ikkje vore for ei vakker kvinne, hadde eg blitt her, sa han den gongen.
Westad har også vore rådmann i Hornindal kommune. Då han slutta i stillinga si i Årdal, var det for å bli organisasjons- og personalsjef i Rennesøy kommune. For tida er han sjølvstendig næringsdrivande.