KUTTAR: Til hausten kuttar Widerøe i det kommersielle ruteprogrammet. Ifølgje flyselskapet skal alle som blir ramma, få tilbod om alternativ avgang eller alternativ rute. Foto: Widerøe
KUTTAR: Til hausten kuttar Widerøe i det kommersielle ruteprogrammet. Ifølgje flyselskapet skal alle som blir ramma, få tilbod om alternativ avgang eller alternativ rute. Foto: Widerøe

Widerøe kansellerer over heile landet

Akutt mannskapsmangel gjer at Widerøe kansellerer flyavgangar over heile landet i sommar. Samferdselsdepartementet truar med å kutte i støtta. 

Widerøe kansellerer planlagde flygingar over heile landet fordi dei har færre pilotar enn det som går fram av prognosen deira, skriv  Helgelands blad.

– Dessverre har vi hatt større avgang og permisjonar enn normalt i vår. Derfor må vi kutte i produksjonen. Vi gjer dette i god tid før folk skal reise, slik at vi i fellesskap kan finne gode alternativ, opplyser kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll i Widerøe til avisa.

Til hausten kuttar Widerøe i det kommersielle ruteprogrammet. Ifølgje flyselskapet skal alle som blir ramma, få tilbod om alternativ avgang eller alternativ rute. Brandvoll seier flyselskapet «forventer å være innenfor de regularitetskravene som Samferdselsdepartementet har satt for året som helhet».

Samferdselsdepartementet, som har kontrakt med Widerøe om enkelte ruter, følgjer situasjonen nøye.

– Vi har stilt eit strengt krav til regularitet i kontrakten med selskapet, og vi har grunn til å tru at trusselen om trekk i tilskot er eit avgjerande omsyn når selskapet gjer prioriteringar, seier pressevakt Tor Midtbø til avisa.

Til toppen