Wings for Life World Run - eit heilt unikt løp

Wings for Life World Run - eit heilt unikt løp

Den 8. mai vil heile verda igjen springe for dei som ikkje kan – tek du utfordringa?

Då er det offisielt! Det er med stor glede eg kan fortelje at eg i år skal vere ambassadør for det verdsomspennande løpet Wings for Life World Run som i Norge går av stabelen i Stavanger den 8. mai. I fjor var eg med som representant for treningsbladet Shape Up, og eg kan heilt ærleg seie at det er noko av det største eg har vore med på nokonsinne. Konseptet er utruleg bra. Verda rundt spring deltakarar på alle nivå på same dato og klokkeslett (8. mai kl. 11 UTC), alt til inntekt for forskning på ryggmargsskader.

Her er eg berre sekundar framfor The Cathcer Car og Aksel Lund Svindal!
Her er eg berre sekundar framfor The Cathcer Car og Aksel Lund Svindal!

Då eg deltok på løpet i fjor stod det alt fra topptrente løparar med mål om maraton til rullestolbrukarar med ein vilje av stål klare bak startstreken. Løpet er med andre ord for absolutt alle – og du kan gjere akkurat kva du vil ut av det. Er målet 50 km? 15 km? 5 km? Det er kun du som bestemmer ☺

Ekstra spanande er det at den tradisjonelle målstreken etter ei x distanse er bytta ut med den berømte ”The Catcher Car”. Denne bilen startar opp når løpet har vart i 30 minuttar og alle deltakarane har kome seg eit stykke av gårde, fyrst med ei hastigheit på 15 km/t, for så å auke farta med 1 km/t for kvar ​ time som går. Du er ute av løpet når bilen passerer deg, og du blir deretter transportert trygt tilbake til start med buss. I fjor var det Aksel Lund Svindal(!) som køyrte The Catcher Car, og eg kan skrive under på at det ga ein god dose ekstra motivasjon til å skru opp tempoet nokon hakk når eg høyrte bilen nærme seg, og stemma hans som heia på alle deltakarane medan han kom nærmare og nærmare.                                                                                        

I tida framover kjem eg til å fronte løpet og kome med tips og triks til dei som kan tenkje seg å delta – retta mot alt fra erfarne løparar til nybegynnarar. Eg kjem også til å dele forslag til treningsprogram som eg vil prøve å tilpasse til fleire nivå. 

No kjenner eg at eg gledar meg allerede! Om du blei interessert i å lese meir om Wings for Life World Run, eller enda bedre - tenkjer du å melde deg på og stille til start saman med meg? Då er det berre å klikke seg inn på Wings for Life World Run sine offisielle sider her

Til toppen