I LÆRDAL: Ynge Hallèn vart vald til styreleiar i Lærdal Næringsutvikling AS i dag. Foto: Privat. 
I LÆRDAL: Ynge Hallèn vart vald til styreleiar i Lærdal Næringsutvikling AS i dag. Foto: Privat. 

Yngve Hallèn ny styreleiar i Lærdal Næringsutvikling AS

Tidlegare fotballpresident Ynge Hallen er i dag valgt som styreleiar i Lærdal Næringsutvikling AS.

Lærdal: Ynge Hallen blir også medlem av styret i Lærdal Omstilling. Med det får han ei sentral rolle i utviklinga av Lærdal dei neste åra.

– Lærdal har stort mot

Hallèn vart vald under eit styremøte i dag klokka 12.00.

– Eg har fulgt med Lærdal ei stund og tykkjer arbeidet og ressursane som Lærdal kommune legg ned på næringsutvikling er svært offensiv. Lærdal går med stort mot inn i framtida. Når eg då vart spurd om å ta utfordringa som styreleiar, var det ikkje vanskeleg å takke ja, seier Ynge Hallèn.

Han seier at Lærdal mellom anna er eit fyrtårn innan grøntsektoren i fylket.

– Ein av dei største partnarane i fotballfforbundet var Bama. Hjå dei fekk eg ofte høyre kor viktig status Lærdal har i dette miljøet, noko eg tykte var kjekt å høyre som sogning. I samband med ei utviklingsoppgåve knytt til Fosshaugane i Sogndal har eg hatt ein dialog med Lærdal Grønt og fulgt utviklinga på Håbakken. Eg meiner knutepunket på Håbakken er svært spennande, meiner den tidlegare fotballpresidenten.

Sterkt lag

Ordførar Jan Geir Solheim er glad for at også Ynge Hallèn no skal spele på utviklingslaget i Lærdal. Frå før har tidlegare administrerande direktør og direktør for forretningsutvikling Jan Petter Vadheim meldt overgang frå Lerum til Lærdal. For nokre veker sidan byrja også multitalentet Tone Boska i ei prosjektstilling.

– Yngve Hallèn er ein person som får ting til. Han har gjennomføringsevne. Så når han vart tilgjengeleg på jobbmarknaden var me raskt ute. Yngve brukte ikke lang tid på å bestemme seg heller. Det er me veldige glade for. For oss er det viktig å ha personar med stort kontaktnett og brei erfaring og som kan sjå på Lærdal med utanfrå-auge. Spesielt no når omstillingsprosjektet går inn i ei gjennomføringsfase. Og så er eg glad for at Hallèn ser regionen under eitt. Lærdal er viktig for framtidas næringsutvikling i Sogn, seier ordførar Jan Geir Solheim.

Omstillingskommune

Lærdal Næringsutvikling AS er det kommunale næringsutviklingsselskapet i Lærdal. Det er eigd av Lærdal kommune (60 prosent) og Lærdal Næringssamskipnad (40 prosent).

I tillegg har Lærdal kommune sidan 2012 hatt status som omstillingskommune etter nedlegginga av Opplysningen 1881 og endringar ved Lærdal sjukehus. Det betyr at Lærdal får pengar frå staten via fylkeskommunen til å utvikle nye arbeidsplassar og nye næringar. Dette arbeidet blir leia gjennom eit omstillingsstyre - Lærdal Omstilling. Hallèn tek over styrevervet etter Rolf Jerving. 

Til toppen