TALENT: Sara Brandsdal, her frå ein kretskamp, er ein av dei frå Sogn som er tatt ut. Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no.
TALENT: Sara Brandsdal, her frå ein kretskamp, er ein av dei frå Sogn som er tatt ut. Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no.

– Ynskjer å bli så god som mogleg 

Team Sogn og Fjordane har no komme med uttaket sitt for 2017. Sogn er representert med fleire talent i denne satsingsgruppa.  

Sogn: Team Sogn og Fjordane består av dei beste 13 til 16 åringane i fylket. Dette er det øvste trinnet i spelarutviklingsmodellen i krets og dannar eit godt grunnlag for å bli tatt ut til landsdelsamlingar og aldersbestemt landslag i fotball. 

Frå Sogn er Syril, Sogndal, Kaupanger og Jotun er representert med talent til dette uttaket. Sara Brandsdal frå Jotun er ei av dei, og ho er glad for å bli tatt ut. 

- Eg synest det er veldig kjekt at eg har blitt tatt ut. Det er veldig gøy å vere med på det høgaste nivået i fylket. Eg har lyst å satse vidare på fotballen, seier ho. 

Sara har trent mykje og lenge for å komme på det nivået ho er no. 

- Eg har hatt fotballtreningar med laget mitt og nokre eigentreningar. I tillegg trenar eg med damelaget til Kaupanger to gonger i veka, og der får eg ekstra utfordring. 

- Målet mitt er å bli så god som mogleg, avsluttar ho. 

Desse er uttekne

Det viser seg at det gror godt i fotballmiljøet i Sogn. I tillegg til Sara frå Jotun, er desse uttekne til Team Sogn og Fjordane: 

Ingeborg Osland, Andrea Henjesand og Ingrid Lovise Jåstad frå Kaupanger, Synne Gjerde og Nora Henjesand frå Syril og Vilde Nornes frå Sogndal. 

Til toppen