FORSKARSPIRER: Forskarfabrikken arrangerer sommarskule for unge forskarspirer på Tangen skule. Foto: Forskarfabrikken/flickr.com.
FORSKARSPIRER: Forskarfabrikken arrangerer sommarskule for unge forskarspirer på Tangen skule. Foto: Forskarfabrikken/flickr.com.

Ynskjer å fostre unge forskarspirer

Landsomfattande sommarkurs tek sikte på å rekruttere unge elevar til realfaga.

Denne veka arrangerer Forskarfabrikken sitt svært populære sommarkurs på Tangen skule. I fem dagar skal elevar frå femte til sjuande klasse forske og eksperimentere på tema innan geologi, kjemi, fysikk, biologi og matematikk. Målet med kurset er å vekkje interessa for realfaga blant dei unge, og det er første gong i år at kurset vert halde i Årdal. 

– Forskarfabrikken er laga for å auke interessa til realfag, og å byrje å rekruttere til realfag ganske tidleg, fortel kursleiar Espen Tangnes.

Saman med Lise Stebekk er han ein av mange som brukar sommaren sin på å prøve å fostre unge forskarspirer rundt om i landet. 

Målet skal dei nå gjennom å vise elevane at realfag kan vere både morosamt og lærerikt. Tangnes påpeikar at Forskarfabrikken sine kurs er praktisk retta, med fokus på eksperiment og aktivitetar. 

Artikkelen held fram under biletet.

KONSENTRERT: Det er fullt fokus når elevane prøver seg på eigne eksperiment.
KONSENTRERT: Det er fullt fokus når elevane prøver seg på eigne eksperiment.

– Mange kan relatere realfag til tunge teoriar. Me prøver å gjere realfaga lette og kvardagslege, og vise at me finn realfag i alt me driv med. Me prøver å skape interesse for kvardagslege fenomen.

Stebekk legg til at dei prøver å gjere naturfag til ein hobby for elevane.

– Om ein skal verte god på naturfag må ein drive på med det utanfor skulen. Dei som vert gode i idrett og musikk er ofte med i musikkskule, eller driv med idrett utanfor skulen.

Glitrande krystallar og ville eksplosjonar

Temaet for sommarskulen varierer frå år til år, og denne gongen er det geologi, eksplosjonar og skjelettforsking som står i fokus. På timeplanen finn me alt frå rakettar laga av sugerøyr til eksploderande såpebobler. I eit av dei mest populære eksperimenta laga elevane ein mini-vulkan med blant anna eddik og natron. 

Artikkelen held fram under biletet.

EKSPLOSIVT: Mini-vulkanen var heilt klart eit av dei mest populære eksperimenta på kurset.
EKSPLOSIVT: Mini-vulkanen var heilt klart eit av dei mest populære eksperimenta på kurset.

Men sjølv kurset legg vekt på spennande aktivitetar, er kunnskap og læring fortsatt i høgsetet. Alle aktivitetane på sommarkurset er tett knytta opp det elevane jobbar med på skulen til vanleg.

– Alle planane me får for kurset byrjar med kompetansemåla frå lærarplanen for dei trinna me skal undervise. Dermed kan me ta utgangspunkt i desse og bruke dei som rettleiing undervegs, fortel Tangnes.

Omfattande prosjekt

Forskarfabrikken sitt sommarkurs er eit landsomfattande prosjekt, og i år vert det heldt over 190 kurs på over 100 ulike stader – til og med på Svalbard. 

På tross av at det er midt i sommarferien, er kursa svært populære. I løpet av året vil over 18000 born ha delteke på Forskarfabrikken sin sommarskule. Tangnes er sjølv overraska over den store pågangen.

– Det er mellom 10 til 26 elevar per kurs, og ein reknar med at fullt på 90% av plassane.

I Sogndal står til og med seks personar på venteliste for å delta. 

Engasjerte deltakarar

Og på Tangen skule denne veka er det lett å sjå kvifor sommarkurset har vorte så populært. Stemninga låg høgt under taket då elevane fekk eksperimentere med vatn og sugerøyr for å lære om trykk og trykkforskjellar. På den andre sida var rommet prega av djup konsentrasjon då Tangnes og Stebekk forklarte om den berømte Fibonacci-tallrekkja, som ligg til grunn for mange av formene me finn i naturen.

Kursleiarane kan fortelje at fleire spør allereie no om dei kan komme igjen til neste år.

Illya Reseland og Torstein Sørhauge var to av dei som stortrivst på sommarskulen. Begge fortel at dei ynskjer å verte forskarar i framtida. Maja Stasinska, som òg deltok på kurset, håpar på si side å verte naturfaglærar. Ho nemner Forskarfabrikken som ei viktig inspirasjonskjelde. 

Til dei som lurer på om dei skal melde seg på i framtida, er beskjeden frå Stasinska og dei andre klar: her er det berre å melde seg på!

Om det faktisk vert mogleg for Årdals forskarspirer å delta på sommarskule til neste år gjenstår å sjå, men spør me Stebekk er stemninga heilt klart positiv.

– Me håpar at det kjem nok deltakarar til neste år, slik at det vert kurs igjen, seier ho.

Til toppen