Foto av assisterande miljøvernsjef i Sogn og Fjordane, Eline Orheim, forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Carlo Aall og klimakoordinator i fylkeskommunen, Ida-Beate Mølmesdal.
Foto av assisterande miljøvernsjef i Sogn og Fjordane, Eline Orheim, forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Carlo Aall og klimakoordinator i fylkeskommunen, Ida-Beate Mølmesdal.

Ynskjer fleire kommunar med på laget

«Samhandling for grønt skifte» heiter eit nytt forskingsprosjekt, som vart presentert på haustkonferansen til KS Sogn og Fjordane 3. november.

Sogn og Fjordane: Sogn og Fjordane fylkeskommune arbeidar no med å utforme ein ny regional klimaplan. Planen skal blant anna oppfylle forpliktingane i Paris-avtalen, som tredde i kraft fredag.

For første gong i historia har me fått ein global klimaavtale der alle land må sette seg klimamål.
Paris-avtalen er eit viktig signal til alle som skal ta beslutningar framover. Det gjeld både nasjonale og lokale myndigheiter og ikkje minst næringslivet og dei som skal ta store og små investeringar framover.

- Ei av utfordringane ligg mellom anna i at kommunane er tiltenkte ei særs viktig rolle i arbeidet med å redusere klimagassutslepp og å tilpasse oss eit krevjande klima. Dette er utfordrande for ein del kommunar, og fylkeskommunen har starta forskingsprosjektet «samhandling for grønt skifte» for å sjå nærare på nettopp dette, seier klimakoordinator Ida-Beate Mølmesdal i fylkeskommunen.

Ynskjer å få med seg fleire kommunar

På KS-konferansen presenterte Mølmesdal forskingsprosjektet saman med assisterande miljøvernsjef, Eline Orheim og forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Carlo All. Prosjektet ser på korleis fylkeskommunale og kommunale styresmakter kan starte prosessen med det grøne skiftet.

Målet med konferansen var å gjere ordførarar og rådmenn kjende med prosjektet og få dei med. Til no er seks kommunar med, og det er fleire som melde si interesse etter presentasjonen.

- Me er ute etter kommunar som ynskjer å delta i prosjektet, og ser potensialet i å kombinere arbeidet opp mot prosjektet med eiga planlegging og lokal klimaomstilling.

 

Til toppen