Inger Karlsen, leiar i Øvre Årdal sokneråd, Jon Buene, leiar i Nedre Årdal sokneråd og Oddbjørn Einan, leiar i fellesrådet, er alle opptekne av å tilretteleggje for gode aktivitetstilbod for innbyggjarane i Årdal. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
Inger Karlsen, leiar i Øvre Årdal sokneråd, Jon Buene, leiar i Nedre Årdal sokneråd og Oddbjørn Einan, leiar i fellesrådet, er alle opptekne av å tilretteleggje for gode aktivitetstilbod for innbyggjarane i Årdal. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Ynskjer meir fokus på kyrkjelydshuset

Fokusområda til sokneråda i Årdal dei neste fire åra er førebels ikkje spikra, men Nedre Årdal sokneråd har kyrkjelydshuset på Årdalstangen øverst på prioriteringslista. 

Årdal: Kyrkjelydshuset på Årdalstangen treng sårt ei oppgradering for å kunne vera eit fullverdig samlingshus for alle. Nedre Årdal sokneråd skulle gjerne ynskje dei hadde ein heis, slik at alle kan kome seg opp i andre etasje. I tillegg burde sanitæranlegget oppgraderast med handicaptoalett.

– Me har undersøkt mogelegheitene for både utvendig heis og trappeheis inne, men begge søknadane har fått avslag på grunn av manglande midlar frå kommunen, seier Jon Buene i Nedre Årdal sokneråd.

Til trass for behovet for oppgradering, er det stor aktivitet i huset kvar veke. 

Alle aldersgrupper

Både Nedre og Øvre Årdal sokneråd organiserar og planlegg aktivitetstilbodet i kyrkja. Det er ikkje reint lite dei har på timeplanen då dei har tilbod for små og store i alle aldrar. Sokneråda tar seg av aktivitetane i kyrkjene, og står også for trusopplæringa til born og ungdom. 

– Sidan læra om kristendom er ute av skulen, har kyrkja tatt tak i det, seier Oddbjørn Einan.

Han er leiar i fellesrådet, styringsorganet over sokneråda i Årdal, der representantar frå begge sokneråda og kommunen er samla. 

Når sokneråda seier dei ynskjer å ha eit tilbod til alle, så gjennomfører dei faktisk det. I dag får alle mellom babystadiet og den eldre generasjonen eit tilrettelagd aktivitetstilbod. 

Dugnad

På grunn av nedskjæringar i det kommunale tilskotet til fellesrådet, har behovet for dugnad auka når det skal gjerast vedlikehald på kyrkjeområda i kommunen. 

Det har ikkje stått på dugnadsviljen hjå dei friviljuge, og sist det var opprydning på kyrkjegardane deltok totalt 70-80 personar. 

Fellesrådet har hovudansvaret for drift og vedlikehald av kyrkjene, medan sokneråda i Øvre Årdal og på Årdalstangen tek seg av aktivitetane. 

I tillegg til å organisere babysong, konfirmantundervisning, eldrekaffe og basarar, står sokneråda bak Årdalsposten som kjem ut fire gongar i året. Det neste store arrangementet er den tradisjonelle Kulturveka som går av stabelen 18. til 24. oktober.

Til toppen