Årdal: Polititet skreiv klokka 13.25 på twitter at dei ynskjer opplysningar om ein burgunderraud Toyota Corolla, med registreringsnummer UC 20209 frå Øvre Årdal.
Politiet har ikkje kome i kontakt med eigaren som var sist sett 20.03.16.
Bilen vart funnen parkert på tangen, men politiet ynskjer fortsatt opplysningar om mannen.
søker etter mannen
I følgje politiet er det sett i gang søk etter mannen ved bruk av redningshundar og Norsk folkehjelp. Det er også båtar som søkjer på fjorden. Området på Årdalstangen vert prioritert.
Artikkelen held fram under biletet.
Operasjonsleiar i politiet seier det er ingen resultat så langt i søket.
– Det ser sett i gang søk med to båtar på fjorden, i tillegg til at det blir gjort strandsøk i grupper med redningshundar. Det er ikkje noko resultat så langt i søket.