SKIHYTTA: Slik såg det ut på skisenteret i Fardalen Laurdag. Foto: Kaja Nygård
SKIHYTTA: Slik såg det ut på skisenteret i Fardalen Laurdag. Foto: Kaja Nygård

Ynskjer seg endå meir snø

Minusgrader og kaldt vintervêr første veka i januar, men for å finne snøen må ein opp i høgden. Skigruppa i Fardalen ynskjer seg endå meir snø, då kan dei opne opp heile lysløypa. 

Årdal/Lærdal: I tradisjon tru så startar nyttårshelga med Tour de Ski, og  skientusiastar kan følgje skilandslaget på tv-skjermen. Søndag avsluttar dei touren 2016 i Val di Fiemme. Der ventar den knallharde monsterbakken. Det kan ein bli inspirert av.  

I Fardalen har IL Jotun ski trening to gonger i veka, saman med trenar Børre Øvstetun. Ein av ildsjelene Anne Gerd Jevnaker kan fortelje at det er ein fin gjeng på skitrening med ca 10-12 barn i alderen 8-15 år, og at skimiljøet er veldig godt.  

- Det er laga til skiløyper i Fardalen, men det er litt lite snø endå så me håpar på meir, seier Jevnaker ivrig. Då får dei opne opp heile lysløypa.

- Skitrekket i Fardalen vil også opne når det blir meir snø. Det er ideelt for blant anna dei som nett er starta med slalom. 

Artikkelen held fram under biletet. 

Skiløyper i Fardalen
SKILØYPER: Laurdag var det vindstille og gode forhold for ein skitur i Fardalen.  
Foto: Kaja Nygård

Jevnaker legg til at skiskulen innanfor allidretten mest truleg startar opp i veke 4-5. Her blir det skileik og fokus på at barna skal få eit godt forhold til ski. Allidretten er for 1-4 klasse. 

Skirenn

Iløpet av sesongen deltek skigruppa på ulike skirenn i Sogn og Fjordane. Neste helg er det KM i Førde. Det er tradisjon i skigruppa at dei sparar peng, slik at dei den helga kan overnatte på hotell saman. Det sosiaIe er også viktig, så den helga gler dei seg til.

SPENT: Lars Jevnaker likar godt å gå på ski.
SPENT: Lars Jevnaker likar godt å gå på ski.

Laurdag er det skirenn i Stryn. 13-åringen  Lars Jevnaker har allereie mange år bak seg som skiløpar. Han fortel at han gler seg til skiløpet i Stryn,sjølv om han måtte grytidleg opp laurdag. 

- Eg er på to skitreningar i veka, det er viktig med gode ski og godt føre, seier Lars

Torsdag inviterer Sportshuset AS og IL Jotun ski gamle og nye skigåarar til smørjekurs. 

Lars fortel vidare at han likar klassisk best og at dei har det veldig kjekt ilag.  Han dreg fram skisamlinga på Beitostølen i November som eit høgdepunkt.

Ski og skøyter

Me har gode skiforhold rundt oss. Skianlegget i Fardalen og på Seimsåsen har begge fleire skiløyper å velje i. Vil ein på lengre turar så er me omkransa av fjell så moglegheitane er mange.

I tillegg til lysløypa på Kvamme, har Lærdal også skøytebane. Lærdal idrettslag melder på heimesida si at etter fleire dagar med minusgrader er det no is på skøytebana. Den er no klar til bruk.  

 

Til toppen