SOGNINGANE: Ordførarane Ivar Kvalen (Luster), Petter Sortland (Høyanger) og Roy Egil Stadheim (Vik) ynskjer at tunnel gjennom Vikafjellet og Hemsedalsfjellet skal prioriterast i neste NTP.
SOGNINGANE: Ordførarane Ivar Kvalen (Luster), Petter Sortland (Høyanger) og Roy Egil Stadheim (Vik) ynskjer at tunnel gjennom Vikafjellet og Hemsedalsfjellet skal prioriterast i neste NTP. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Ynskjer tunnel: – Vikafjellet er Norges mest vinterstengde riksveg​

Det var stor breidde og stort engasjement under dialogmøtet om prioriteringar til Nasjonal transportplan denne veka.

Jølster: – Vikafjellet er Norges mest vinterstengde riksveg​. Ein tunnel vil gje vesentleg kortare reisetid mellom Bergen og Sogn, og vil legge til rette for samarbeid på tvers av regionen, sa ordførar i Luster, Ivar Kvalen, som førte ordet på vegner av sogningane.

Møtet som var på Skei i Jølster, var det tredje av tre regionale møter om Nasjonal transportplan (NTP) i Vestland fylke. At Vestland strekk seg frå høgfjell til kyst, gjekk igjen i tematikken, og skredsikring og fjellovergangar opptok mange i salen.

Sogn regionråd var representerte ved ordførarane i Vik, Luster og Høyanger. Dei var opptekne av Vikafjellstunnelen, tunnel gjennom Hemsedalsfjellet, rassikring og meir midlar til vedlikehald av fylkesveg.

Takksam fylkesordførar

Fylkesordførar Jon Askeland seier han er takksam for engasjement og oppmøte.

– Folk var godt førebudde, stilte opp og ga oss godt grunnlag for vidare arbeid. Eg er også positivt overraska over at deltakarane har vore meir samla i sine innspel regionalt enn eg hadde venta. Det er flott at vi snakkar om Sogn og Fjordane og Hordaland, men eg er glad for at dei også målber at vi vil kjempe for landsdelen vår - at vi skal få vår del av kaka, seier Askeland i ei pressemelding.

Han meiner at det under møtet kom tydlegare fram kva det betyr å leve med usikkerheita rundt ras og stengde vegar.

– Og kva det gjer med dei som skal bu og arbeider her. Infrastruktur er avgjerande for vekst og utvikling, og desse signala berre forsterkar engasjementet mitt for at vi skal byggje oss saman, seier fylkesordføraren.

Håkon Rasmussen, fylkesdirektør mobilitet og kollektivtransport, saman med Dina Lefdal, fylkesdirektør for infrastruktur og veg og fylkesordførar Jon Askeland. Foto: Vestland fylkeskommune
Til toppen