KONSERT: Elizabeth Stewart Søvik ynskjer velkomen til familiekonsert i Lærdal og Ofredalen. 
KONSERT: Elizabeth Stewart Søvik ynskjer velkomen til familiekonsert i Lærdal og Ofredalen. 

Ynskjer velkomen til familiekonsert

Elizabeth Stewart Søvik, håpar mange tek turen på familiekonsert i Lærdal og Ofredalen.Dette er ein avslutning på sesongen, der elevane får vist fram det dei har øvd på. 

Lærdal/Årdal: Laurdag og søndag skal kulturskulen i Lærdal og Vokal- og dramaverkstad i Årdal, underhalde med song, musikk og drama. Dei startar med familiekonsert på Kvammegården i Lærdal laurdag, deretter går turen vidare til Ofredalen i Årdal på søndag.

Dette blir ein fin dag med mykje god underhaldning.

- Håpar mange blir med og støttar den lokale kulturen, seier instruktør Elizabeth Stewart Søvik.

Søvik har lang fartstid innan song, musikk og drama. Saman med sonen Scott skal ho også vere med på underhaldninga i helga. Dei skal blant anna synge på skotsk.

Variert program

Laurdag er dei på plass i Lærdal. Dei yngste, saman med gjester, startar underhaldninga med minikonsert. Deretter blir det framsyning med dei eldste song- og dramaelevane. Dei skal framføre to morosame sketsjar, som dei har kalla «Hjå advokaten» og «Fantasivenner».

Artikkelen held fram under biletet

UNDERHALDNING: Dramagruppene frå Årdal og Lærdal skal underholde med to morosame sketsjar. 
UNDERHALDNING: Dramagruppene frå Årdal og Lærdal skal underholde med to morosame sketsjar. 

Nokre av solistane som skal opptre i helga er Scott Stewart Søvik, Rikke Moen Sand, Amalie Forthun Grøthe, Mathilde Grøttebø, Åsfrid Midlang Moen, Merethe Bruhaug, Ronja Hovland, Maria Høgheim og Beatrice Juskaite.

Det siste på programmet er minikonsert med Elizabeth og sonen Scott Stewart Søvik. Dei har med seg pianist Øystein Steinsland.

Tuva, Ronja og Louise frå Kaupanger gjestar både Kvammegården og Ofredalen. Dei skal framføre ein Mari Poppins potpurri. Dette er eit musikkteater som dei har laga heilt sjølv. 

Artikkelen held fram under biletet

GJESTER: Desse skal opptre på familiekonserten på Kvammegården og i Ofredalen. 
GJESTER: Desse skal opptre på familiekonserten på Kvammegården og i Ofredalen. 

Konsertane i helga blir ein avslutning for sesongen, og elevane kan friste med eit variert program.

Underhaldning ne`for sjø`n

Søndag går turen til Ofredalen. Også her kan dei frammøtte få gleda av eit variert program.

Dagen startar, som i Lærdal, med minikonsert. Deretter blir det song og sketsjar. I tillegg blir det her song frå musikkleikestova og songklubben i Øvre Årdal.

Ifølge værmeldinga, så vil familiekonsertane få ei solrik ramme. Ne`for sjø`n anlegget i sol, saman med lokal kultur er noko å få med seg. Det blir også sal av grillmat så det er duka for ein fin dag, og ei musikalsk helg. 

Til toppen