TREKKPLASTER: Sogndal filmfestival har ei god merittliste når det gjeld å tiltrekka seg kjende føredragshaldarar. I år er komikar Maria Stavang første namn på lista.
TREKKPLASTER: Sogndal filmfestival har ei god merittliste når det gjeld å tiltrekka seg kjende føredragshaldarar. I år er komikar Maria Stavang første namn på lista. (Foto: Pressefoto)

YouTube-kjendis skal halde føredrag på filmfestivalen

Standupkomikaren har over 200 000 følgjarar på sosiale medier. I april kjem ho til Sogndal.

Sogndal: I april er det klart for den årlege utgåva av Sogndal filmfestival, den trettande i rekka.

I dag offentleggjorde arrangørane første namn på lista over føredragshaldarar. Standupkomikar Maria Stavang har over 200 000 følgjarar på YouTube, Facebook og Instagram. Der tek ho opp seriøse problemstillingar i samfunnet, men med ein humoristisk vri.

– Denne jenta er flink til å sjarmera, samtidig som ho byr på seg sjølv. Kjem garantert til å bli eit fast innslag på norske humorscener i framtida, skriv arrangørane bak filmfestivalen.

Bergensaren starta med standup i 2015, det påfølgande året vart ho kåra til Årets nykommar på Humorfest i heimbyen. I haust ho vore gjest i program som Nytt på Nytt, P3-aksjonen, NRK Satirisk, Lørdagsrådet og Camp Senkveld.

Til Sogndal kjem ho 6. april.

Sogndal filmfestival vert arrangert tredjeklasse på medielinja til vidaregåande i Sogndal. Filmskaparar mellom 14 og 28 år blir inviterte til å senda inn bidrag og det vert konkurrert i åtte ulike kategoriar.

Til toppen