HELIKOPTER: Folk kunne få sjå bygda frå himmelen. (Foto: Frank Eldegard)
LUFTIG: Helikopterturar kunne kjøpast. (Foto: Frank Eldegard)
RIB: Mange nytta seg av tilbodet rib-tur på fjorden. (Foto: Lasse Hærum )
MUSIKK: Korpset spelte når Meierihopen blei opna. (Foto: Linda Watten)
BIL: Utstilling. (Foto: Frank Eldegard)
YRANDE FOLKELIV: Mange møtte opp på Tangen under Fjord til Fjell. (Foto: Frank Eldegard)
TIVOLI: Dei yngste kosa seg på tivoli. (Foto: Frank Eldegard)

Yrande folkeliv under Fjord til Fjell: Sjå bildegalleri

Mange kosa seg med tivoli, helikopterturar, rib-turar, musikk og ustillingar under Fjord til Fjell på Tangen i helga.

Årdal: – Det er veldig mykje liv her i dag i forhold til kva me er vand med. Slik burde det vore kvar dag, seier Ernst Asperheim frå Seimsdalen. 

Han var ein av mange som møtte opp på Fjord til Fjell. 

Ansvarleg leiar for arrangementer, Frank Eldegard er strålande nøgd med helga.

– Kort oppsummert så har det gått veldig bra. Det har vore veldig kjekt og me har vore heldige med det meste. Vêret er nok ein viktig faktor men innhaldet på arrangementer er òg vesentleg. Opninga av gjestehavna var veldig kjekt og gjev oss mange tankar om korleis me kan utvikla oss. 

Vann ein bil

Knut Arne Klingenberg frå Seimsdalen blei den heldige vinnaren av ein bil frå billotteriet til Åtil.

HELDIG: Knut Arne Klingenberg vann ein bil. Foto: Frank Eldegard

– Han var strålande nøgd. No er det fjerde året på rad at nokon frå Seimsdalen vinn så viss folk vil ha seg bil så veit dei kor dei skal flytta, seier Eldegard. 

Jubileum til neste år 

Neste år har Fjord til Fjell 25-års jubileum.

– Me hadde ein flott laurdag med både sjøfly, helikopter og RIB. Kanskje kunne me hatt endå meir trafikk men no veit me i alle fall kva markedet krever til neste år når det er jubileum. 

Kort oppsummert så har det gått veldig bra. Det har vore veldig kjekt, heldig med det meste, været er alltid viktig faktor men innholdet har og vore vesentleg trur eg. Det med opninga av gjestehavn var veldig kjekt og det gir oss veldig mange tankar om korleis me kan utvikla oss. 

Har du bilete frå Fjord til Fjell? Send til tips@porten.no.

Til toppen