Sogndal: Lerum Cup er meir enn berre fotball. Det er veka i året då det sydar av liv i sentrum, badeplassane er fulle av strandløver, butikkane held nattope og dei minste kan kose seg på sitt eige diskotek fredagskvelden.
Nytt av året er ein aktivitetsparken i sentrum av Sogndal, som fredagen var full av adrenalinsøkande smårollingar.
Her fekk dei prøve seg på aktivitetar som surfing, blinkskyting, sumofotball, utandørs-FIFA, fotballdart, hoppeslott og dei fekk måle skotstyrken med laser.
– Før har me hatt tivoli her. Det er bra det òg, men dette gir litt meir aktivitet og ei anna type moro, seier Ørjan Hjellhaug i Sogndal Fotball.
Les også: Han er cupgeneral, men har aldri spelt her sjølv
Bernard Høyland Rund og Benjamin Breivik Høyland frå Austevoll spelte for første gang fotballspelet FIFA i friluft. Dei synst det er bra at det er meir å oppleve på turneringa enn berre fotballkampane.
– Det er deilig å slappe litt av og ikkje berre tenke på å spele, seier Brevik Høyland.