VIKTIG: Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner det er viktig å halde på den skulestrukturen som er i dag. Foto: Arkiv. 
VIKTIG: Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner det er viktig å halde på den skulestrukturen som er i dag. Foto: Arkiv.  (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

- Yrkesutdanning er viktig for næringslivet 

Arbeidarpartiet slår ring om dei vidaregåande skulane i fylket. 

- Den vidaregåande skulen i Årdal er ikkje berre viktig for næringslivet i kommunen, men også for heile Indre Sogn, seier Hilmar Høl (Ap) til Porten.no.

Eit samrøysta fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Ap ønskjer å verna om dei vidaregåande skulane i fylket. 

100 lærlingar i året

Fleire av bedriftene i Årdal, Lærdal og Aurland opptrer som lærebedrifter for VG2 elevar. 

- Vi har omlag 100 lærlingar i omløp kvart einaste år. Både innan industri, sal og service og automasjon. Det er utruleg viktig for næringslivet i Indre Sogn, seier Høl. 

Ap meiner at dagens desentraliserte skulestruktur må ligge fast og at dei vidaregåande skulane har ein stor samfunnsverdi i lokalsamfunnet i fylket. Både som aktør i samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv, men også som store og viktige arbeidsplassar der dei er lokaliserte. 

- Det er viktig for elevane og lokalsamfunnet at ungdommane har tilbod om utdanning nær heimstaden og kan gå vidare ut i arbeidslivet, seier Høl. 

Elevtalet går ned år etter år

Ein desentralisert vidaregåande skulestruktur er viktig for vekst og rekruttering i kommunane, meinar Ap. Den bidreg også til at ein svært stor del av elevane kan bu heime og dermed slepp å flytte på hybel i ung alder. 

- Diverre går talet på elevar ned år etter år. Det er dette som er utfordringa vår. Vi opplever ein konstant kamp om kva klassar vi skal få ha. Om ein ikkje får nok elevar, får ein ikkje ha ein full skuleklasse, seier Høl. 

Sjølv om fylkeskommunen har utfordringar knytt til framtidige elevtal og krav om innsparing, meiner Sogn og Fjordane Ap at det er viktig at dagens struktur for vidaregåande opplæring står fast.

Vil ha fleire elevar frå nabokommunane 

- I tillegg ser vi at det blir fødd mindre born. På den vidaregåande skulen i Årdal går det nesten berre årdøler og nabokommunane leverar lite ungdommar. Om vi hadde klart å lokka fleire til å ta utdanninga si her, hadde det vore bra for Årdal Vidaregåande, seier Høl. 

Strukturdebatten i samband med skulebruksplanen for vidaregåande opplæring skapte mykje uro og usikkerheit for elevar, tilsette, arbeidsgjevarar og innbyggjarar i lokalsamfunna. 

- Heile næringslivstrukturen vert råka om det skjer noko med dagens utdanningsstruktur. Næringslivet er bastante på at dei ønskjer å få inn fleire elevar i bedriftene. Desto fleire lærebedrifter vi får, jo betre blir det for oss, seier Høl. 

Han meiner at Sogn og Fjordane ikkje er tente med ein ny debatt om sentralisering av opplæring.  

Til toppen