Yvonne Romøren startar nettbutikk.
Yvonne Romøren startar nettbutikk. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Yvonne (26) går tilbake til utdanninga og startar nettbutikk

Ho har dreve med både sko og klede. No går Yvonne Romøren (26) tilbake til utdanninga si og startar nettbutikk.

Årdal: Nettbutikken har fått namnet Kortlevert. Her skal Romøren selje personaliserte trykksaker til alle høve.

– Det kan vere jul, konfirmasjon, bryllaup eller bursdag. Det er jo konkurrentar som allereie tilbyr dette i marknaden, men me ser på vår løysing som optimal, seier ho og forklarar.

– Du har dei som gir deg moglegheit til å endre heile kortet med fargar, bilete og tekst. I andre enden har ein dei som knapt gir deg sjansen til å endre noko anna enn å legge inn biletet og tekst. Løysinga vår er optimal fordi ein har fridom, men ein kan ikkje øydelegge kortet med å redigere for mykje fordi det sit folk som kan dette og veit korleis ting skal sjå ut.

Samarbeid med Printfarm

Nettbutikken er det ho sjølv som eig, men Skrivargarden er medeigar. Sistnemnde, som profilerer seg med det nye namnet Printfarm, driv allereie trykkeri og kan sakene sine.

– Me brukar eit ferdig program som Printfarm har i dag. Alt er der, så då er det berre å setja i gang, seier Romøren.

Det vil seia, målet er å kome skikkeleg i gang i årsskiftet 2017 og 2018. I desse dagar står ho på for å få alle produkta inn i nettbutikken, men allereie no kan ein bestille enkelte produkt gjennom Facebook-butikken.

Eigentleg utdanna grafisk designar

Trass ung alder har Romøren butikk-erfaring frå før. Tidlegare har ho drive skobutikk og klesforretning på Årdalsenteret, der ho også var senterleiar. 

– Men no går eg tilbake til utdanninga mi. Eg er utdanna grafisk designar. Det er det eg kunne tenkja meg å jobba med ei stund, og no har eg funne ei løysing der eg kan gjera det. Eg tykkjer det er kjekt å laga pene ting, og trykksaker er ikkje noko som kjem til å dø ut. Eg er ganske overbevist om at internett ikkje vil ta over for ein plakat som er laga spesifikt til eit bryllaup, seier ho.

26-åringen fortel at ho har gått med ideen ei stund og at ho sjølv har merka behovet.

– Eg har fått ungar sjølv og treng alt av trykksaker til ulike arrangement. I mitt eige bryllaup lagde eg alt sjølv. Dette er ting ein ikkje får tak i hjå andre nettbutikkar, som til dømes vimplar. Det er denne prikken over i-en som eg har leita etter, seier ho.

Med stor tru satsar ho på at ho snart vil vere i gang for alvor. Målet er å nå ut til heile landet, og då er det ein fordel å ha Printfarm med på laget, meiner ho.

– Det er dei som har løysinga på plass. Dei er gode på kvalitet og trykksaker. Dette kan dei, og difor veit me at me kan levere betre enn det som allereie finst på marknaden.

Til toppen