Årdal: Den sju år gamle Alaskan Malamute-tispa Zitah var saman med eigaren, Lasse Thommasen, på tur til Nystølen og Slettedalen i Offerdalen denne helga.
Biletet dei la ut på Instagram blei vekas foto i Porten.no.
— Ho er stort sett med på alle turar, så lenge det ikkje er dei varmaste sommardagane, skriv Thommasen om turen til Porten.no.
Dei to har saman laga Instagram-profilen zitah_the_malamute.
Les óg: VEKAS FOTO: Sol og fjordutsikt i Indre Ofredal
Turtips frå Instagram
På profilen legg dei ut bilete frå fleire av turane dei har vore på saman.
— Me finn mange flotte turtips i nærområdet gjennom Instagram, og legg difor ut bilete av turar me går som kanskje ikkje er av dei aller mest kjende, skriv Thommasen.

Mange flotte turmoglegheiter
Thomassen skildrar hunden sin som robust.
— Alaskan Malamute er ein robust hunderase som tåler det aller meste av vêr og kulde, og er sånn sett eit perfekt turfølgje året rundt, skriv han.
Han oppfordrar gjerne andre til å ta turen ut i naturen.
— Me har flotte og varierte turmoglegheiter innan kort avstand. Det er berre å bruke dei, skriv han.
Vil du dele bileta dine med oss? Bruk taggen #MittPorten på Instagram eller send til tips@porten.no.