AKTUELLE: Alexander Einemo Zwart spelar og bror Harald Zwart regisserer i «Den tolvte mann» som kjem ut i november. Her fotograferte under ein helgetur til Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun
AKTUELLE: Alexander Einemo Zwart spelar og bror Harald Zwart regisserer i «Den tolvte mann» som kjem ut i november. Her fotograferte under ein helgetur til Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Zwart-brørne aktuelle med film frå 2. verdskrig

Harald Zwart har regien medan broren Alexander spelar ein av motstandsmennene som blir fanga, torturert og drepen i filmen «Den tolvte mannen» som kjem på kinolerretet til hausten.

Lærdal: – Alexander gir så jernet. I ei scene der dei skulle vassa uti iskaldt vatn gjekk han langt uti og vart ståande lengst av alle. Så eg må passa på livet og helsa hans, seier storebror Harald Zwart.

Han har ei lang og innhaldsrik karriere innan filmverda – gjennombrotet kom då Zwart regisserte filmen «Hamilton» som kom ut i 1997. Då gjekk turen til Hollywood, og han regisserte «One night at McCools» som sjølvaste Michael Douglas var produsent for.

Seinare har han og kona Veslemøy stått bak ei rekkje kjende filmar.. Den største suksessen var «Karate Kid» i 2010 med Jaden Smith og Jackie Chan i hovudrollane og Will Smith som produsent. Totalt har alle Zwart sine filmar spelt inn totalt dryge 5 milliardar kroner på verdsbasis, noko som gjer han til den mest suksessrike filmskaparen frå Skandinavia.

 Prosjektet han har jobba med siste året er «Den tolvte mann».

– Filmen er basert på boka «Jan Baalsrud. Og de som reddet ham» av Tore Haug, fortel Zwart.

Artikkelen held fram under videoen

Sjå bilete frå filminga og mykje anna om og frå filmen på Harald Zwart sin Instagram-konto.

Basert på bok

Baalsrud deltok som sersjant i kampane i Østfold under den tyske invasjonen og var med dei norske styrkane som trakk seg tilbake over grensa til Sverige. Der vart han etter kvart kurer mellom Noreg og Sverige for den britiske legasjonen i Stockholm.

Hausten 1940 vart han arrestert av svensk politi og dømt til fengsel for spionasje. Året etter vart han utvist frå Sverige og tok seg over til England, der han vart medlem av kompani Linge.

I 1943 var mannskap frå Kompani Linge med på ein operasjon som skulle organisera motstandsgrupper i Nord-Troms og driva sabotasje mot tyske installasjonar. Her var Baalsrud med. 

Operasjonen tok utgangspunkt i fiskeskøyta «Brattholm»som la til ved Rebbenesøya i dåverande Helgøy kommune. For å gjera ei lang historie kort enda det med at «Brattholm» vart sprengt og lettbåten Baalsrud og dei andre då var i sank så mannskapet måtte symja til lands.

Medan alle dei elleve andre til slutt døydde av skadene under flukta eller vart fanga av tyskarene og seinare torturerte og drepne, kom Baalsrud seg unna – barbeint og såra. Då fulgde ei dramatisk flukt til Sverige for «den tolvte mannen». 

– Greia er at Jan Baalsrud ikkje var så glad for ettermælet han fekk; det vart for mykje heltefokus. Baalsrud meinte sjølve det ikkje var han som var helten, men bønder, fiskarar, samar – menn og kvinner, unge og gamle – som stod på for å hjelpa han med fare for sitt eige liv. For å retta opp dette ettermælet skreiv Tore Haug denne boka der innsatsen til hjelparane vart løfta fram, seier Harald Zwart.

Kjende namn på rollelista

Det var kona hans, Veslemøy Ruud Zwart, som kjøpte filmrettigheitene til boka for ti år sidan.

– Så har me hatt så mykje anna å gjera at det først er no me har starta på denne filmen. 

Veslemøy Ruud Zwart, selskapet deira «Zwart arbeid» og Espen Horn står som prodesentar av filmen i samarbeid med Nordisk Film. Thomas «Fingern» Gullestad spelar hovudrolla som Jan Baalsrud medan den irske skodespelaren Jonathan Rhys-Meyers – som har spelt i filmar som «Alexander den store», «Mission Impossible III og TV-serien «The Tudors» – er badguyen i form av ein gestapooffiser.

Artikkelen held fram under biletet

HOVUDROLLA: Thomas «Fingern» Gullestad som Jan Baalsrud i ein av dei mange actionfylte scenene.
HOVUDROLLA: Thomas «Fingern» Gullestad som Jan Baalsrud i ein av dei mange actionfylte scenene.

– Rhys-Meyers lærde seg alle replikkane på tysk og Gullestad gjekk ned mange kilo for denne rolla. Og sidan motstandsrørsla bestod av folk frå heile distrikts-Noreg, blant anna mykje sogningar, var det sjølvsagt at Aleksander skulle ha ei rolle.

Alexander Einemo Zwart er fødd og oppvaksen i Lærdal, og har gått i bror Harald sine fotspor – han jobbar hovudsakleg som reklameregissør, men har også regissert fleire kortfilmar, mellom andre «Som ein reier så ligg», spelt inn i og basert på ei historie frå Lærdal.

Les også: Nominert til tre filmprisar

I «Den tolvte mann» spelar Alexander ein av dei elleve det ikkje gjekk så bra med i Troms i 1943

– Han blir arrestert, torturert og skoten. Ei stor og flott rolle i filmen, så det er veldig krevjande og interessant, seier Harald.

Artikkelen held fram under biletet

EIN AV DEI 11: Alexander Einemo Zwart under innspelinga – her står han nest lengst til høgre.
EIN AV DEI 11: Alexander Einemo Zwart under innspelinga – her står han nest lengst til høgre.

– Harald sitt blikk på ting er veldig rått og brutalt. Og eg føler veldig på ansvaret, for det var mange frå Sogn og Fjordane som var veldig viktige i motstandskampen, seier Alexander. 

– Stor betydning for vår historie og vår kultur

Han var med i åtte dagar på filmsettet – som fann stad i Troms. 

– Prosjektet har stor betydning for vår historie og vår kultur. Eg gjorde fire månader research for rolla. Å å fram det gode samhaldet mellom mannskapet på «Brattholm» er veldig viktig, held han fram.

– Det var tolv nordmenn mot ei maskin; i Nord-Noreg var det meir tyskarar enn nokon annan stad i Nord-Europa. Denne historia er eit døme på «Failure turn till success»; Bålsrud endte opp med å bli eit symbol på motstandsrørsla, legg Harald til.  

Filmen er først og fremst produsert for den norske marknaden, men med ei stjerne som Jonathan Rhys-Meyers på rollelista har den også byrja å bli seld i andre land.

– Me må sjølvsagt få til ei premiere i Lærdal, seier Harald.

Han er oppvaksen i Fredrikstad, men definerer seg sjølv som «kvart lærdøl» ettersom han gjekk på ungdomsskule i Lærdal i eitt år.

– Så eg nyttar høvet og helsar til Randi Aarethun, som eg gjekk i klasse med – me vart gode vener, seier regissøren

Til toppen