Meiningar
LEIAR: Arve Tokvam i Aurland Næringsråd
Foto: Privat
Turvegen som er blitt til ei årelang ørkenvandring
Leiar Arve Tokvam i Aurland Næringsråd med oppspark før kommunestyremøtet 7. april. Han meiner det er på tide å få i mål turvegen mellom Aurland og Flåm.
Torsdag 7. april skal turvegen mellom Aurlandsvangen og Flåm debatterast i kommunestyret i Aurland.
Det er meir enn 20 år sidan den første halvparten av turvegen, strekninga Flåm – Bøen, stod ferdig. Like lenge har det vore eit sterkt ønskje frå både innbyggjarar og næringsliv å få realisert dei resterande 3-4 km av strekninga. Turvegen har stått på den politiske dagsorden i fleire år og ved kommunevalet i 2019 strekte alle partia seg langt i å love at turvegen skulle bli ein realitet i inneverande kommunestyreperiode. Det blir den ikkje, og det ser mørkt ut for å få den realisert i den neste kommunestyreperioden og.
Meiningar
Dette er eit meiningsinnlegg. Det gir uttrykk for meiningar og haldningar hjå innsendaren. Har du lyst å skrive meiningsinnlegg i Porten.no? Klikk her.
Det manglar ikkje på gode argument for å underbyggje verdien av å få til ein fullverdig turveg mellom Flåm og Aurlandsvangen. Trygg ferdsel, folkehelse, friluftsliv, styrking av reiselivet, redusert bilkøyring osv. Ja, denne turvegen i verdas vakraste fjordlandskap har berre positive effektar. Men som med dei fleste andre store prosjekt, så er det finansieringa det skortar på. Kven skal betale for dette viktige prosjektet? Kommunen sitt krav om 50 % ekstern finansiering av totalsummen på minst 60 mnok blir vanskeleg å dekke inn. I alle fall om ein skal tolke politikarane si forventning om at det lokale næringslivet bør dekke denne delen. Kjære politikarar, etter to år med pandemi og ein fråverande turistmarknad, har næringslivet store nok utfordringar med å overleve og byggje seg opp att. Sjølv om det no lysnar i reiselivet, så vil det ta årevis å kome tilbake til eit nivå på inntening som gjer at lokale verksemder kan bidra med noko som helst til slike infrastrukturtiltak. Reiselivsaktørane vil ha nok med å sikre drift og drive nødvendig produktutvikling. Lat oss difor heller jobbe med realistiske løysingar for finansiering av turvegen.
Aurland kommune har teke på seg eit stort ansvar i turvegsaka. Heilt sidan prosjektet kom på den politiske dagsorden har det kome signal om at dette skal me få til. No tyder mykje på at ein har vikla seg inn i ein labyrint som ein ikkje kjem ut av. Då kjem ofte dei kreative løysingane, som t.d. rådmannen sitt forslag om å leggje på ei avgift på straumprisen. Det er råd å forstå at slikt skapar irritasjon i lokalsamfunnet. Lat oss unngå å kome inn i ein diskusjon som byggjer opp under enno meir lokal frustrasjon i turvegsaka. Det er etter mi meining berre ein adressat for den eksterne finansieringa av turvegen. Det er Statens vegvesen. Eigentleg bør dei ta heile finansieringa. Her har dei sprunge frå ansvaret sitt om å sikre trygg ferdsel for mjuke trafikkantar i eit av landets mest populære reisemål. Utan å kjenne alle detaljar trur eg heller ikkje Aurland kommune har vore tøff nok i sine forventningar og krav. No har kommunen eit unikt høve og eit godt argument for å ta dette opp att med Statens vegvesen.
Om kort tid skal Lærdalstunnelen rehabiliterast. Anleggsarbeidet er planlagt å vare i 4-5 år. Dette vil gi store kommunikasjonsmessige utfordringar og negative konsekvensar for både innbyggjarar, næringsdrivane og besøkande i Aurland. Kostnaden med rehabiliteringa er antyda til å ligge opp mot 2 milliardar kroner. I lys av dette er prisen for turvegen ein bagatell.
Med alt ubehaget den lange rehabiliteringsperioden i Lærdalstunnelen vil ha for oss i Aurland, er det lite forlangt at Statens vegvesen tek eit ansvar for å ferdigstille turvegen mellom Aurland og Flåm.
Det syns eg må vere eit heilt relevant krav å stille frå Aurland kommune.
Det er mange som syklar på E16 mellom Aurland og Flåm i dag og, sjølv om det ofte er med livet som innsats. Alle desse ber på ein draum om ein gong å kunne gjere dette utan frykt for å bli kvesta av ein trailer… og i tillegg kunne nyte den fantastiske naturen som denne vegen er ein del av.