SJU TILFELLE: Aurland kommune er no oppe i sju påviste smittetilfelle, og smittevernlege Frøydis Gullbrå oppmodar folk om å testa seg og møta opp til vaksinasjon.
SJU TILFELLE: Aurland kommune er no oppe i sju påviste smittetilfelle, og smittevernlege Frøydis Gullbrå oppmodar folk om å testa seg og møta opp til vaksinasjon.

Tre nye smittetilfelle i Aurland – kommunen oppmodar til testing og vaksinasjon

Aurland kommune har denne veka fått stadfest tre nye tilfelle av påvist koronasmitte.

Det er då 7 påviste tilfelle i kommunen dei siste to vekene.

– Me har ikkje indikasjonar på at smitten er av omikron-varianten so langt. Nærkontaktar er informert, og mange har teke testar. Ingen er alvorleg sjuke, skriv smittevernlege Frøydis Gullbrå i ei pressemelding.

Oppmodar til testing

Kommunen oppmodar alle som kan om å bruka munnbind i kontakt med helsepersonell. Det gjeld både ved legekontoret og ved dei andre helsetenestene i kommunen. Born er fritekne.

Gullbrå oppmodar innbyggjarane om å setja seg inn i dei nye nasjonale tiltaka som gjeld frå natt til torsdag 9. desember.

For personar med nyoppståtte luftvegssymptom, og for dei som har blitt oppgitt som nærkontaktar, har kommunen ope for testing og utlevering av sjølvtestar ved legekontoret kvar dag kl. 12.30.

– Testing føregår på baksida av huset. Det er viktig at alle som ikkje har fått oppsett tid på førehand, melder seg på telefon 57632999 før test. Ikkje møt opp på venterommet, skriv Gullbrå i pressemeldinga.

Avgrensa testkapasitet

Kommunen har ikkje kapasitet til å ta koronatest av folk som skal ut på reise. Dei som treng stadfest test før reise, må ordna dette til dømes ved flyplass eller hjå andre kommersielle aktørar.

– Hurtigtestane me har ved legekontoret er reservert til bruk for folk med nyoppståtte luftvegssymptom og til nærkontaktar. Me leverer ikkje ut testar til anna bruk, forklarer Gullbrå.

Hurtigtestar er å få kjøpt på Spar Aurland og Coop Marked Flåm for dei som ynskjer test før reiser eller arrangement eller av anna årsak.

Vaksinering

– Tilrådinga om å ta imot koronavaksine gjeld som aldri før. Har du ikkje fått teke vaksine i det heile, eller kun har fått ein dose, kan du no koma for Pfizer-vaksine ved Aurland Idretts- og Samfunnshus torsdag 16.12, skriv Gullbrå.

Her kan alle med opphald i Aurland møta opp utan avtale. Det er ope for drop-in vaksinering mellom kl. 9 og kl. 15. Her kan òg alle som har fått andre dose av koronavaksinen før 16. juli møta opp for å få dose nummer tre. Tilrådd intervall mellom andre og tredje dose er no redusert til fem månader for alle over 45 år og for dei med risikofaktorar frå 18 til 45 år.

– Me oppmodar arbeidsgjevarar om å motivera alle tilsette til å ta vaksinen – og leggja til rette slik at dei får tid til vaksinering 16.12, avsluttar smittevernlege Gullbrå.

Powered by Labrador CMS