NØGD: Brita Underdal, leiar Undredal ungdomslag, jublar over meir pengar i kassa. Framleis manglar millionar før kulturprosjektet i Underdal er redda.
Foto: Toralf Larsen Vallestad
Fekk 400.000 frå Sogn Sparebank: – Veldig, veldig, veldig gledeleg
Undredal ungdomslag stakk av med den største potten då Sogn Sparebank skulle dele ut 2 millionar kroner. Men framleis har dei ein veg å gå før dei får draumeprosjektet realisert.