
Fem nye positive hurtigtestar i Aurland: – Det eskalerer no
Etter meldinga om ein smitta i Aurland søndag kveld har kommunen jobba på spreng med smittesporing og testing. Per no kan ordførar Trygve Skjerdal stadfesta fem positive hurtigtestar måndag.
– Me jobbar med å få oversikt, det er mykje arbeid med dette no, seier ordførar i Aurland kommune, Trygve Skjerdal.
Ettersom situasjonen er uavklart, og smittekjelda førebels er ukjent, har dei byrja å kalle legar og helsepersonell tilbake frå ferie.
– Det eskalerer no, og per no er det kome fleire positive hurtigtestar. So slik er det, seier Skjerdal.
Veit lite
Skjerdal fortel at dei førebels veit lite om situasjonen.
– Dette har oppstått i dag, og me jobbar med det no. Me kallar inn folk som kan hjelpe oss framover.
Gjennom dei komande dagane kjem dei til å jobbe intensivt med testing og sporing.
– Me kjem til å teste personar fortløpande. Smittekjelda til dei fyrste personen er ikkje kjend, so har resten av dei positive testane relasjonar til det fyrste tilfellet, seier han.
Stenger barnehage
Skjerdal informerer også om at Vangen barnehage kjem til å verta stengt frå i morgon tysdag, og dessutan onsdag. Torsdag og fredag heldt barnehagen stengt uansett grunna planleggingsdag.
– Det er ein link mot barnehagen, difor vel me å stenge, seier Skjerdal.
Telefonlinjer
Det blir oppretta ein koronatelefon som blir bemanna frå kl. 16 måndag til kl. 21 måndag kveld. Her kan ein stille spørsmål ein har relatert til utbrotet.
I morgon (tysdag) blir det oppretta eit telefonnummer ein kan ringe for vurdering av test ellers spørsmål kring testing. Den vert bemanna frå kl. 9.00 tysdag morgon.