11 SMITTA: Tysdag melder Aurland kommune om seks nye tilfeller i kommunen.
11 SMITTA: Tysdag melder Aurland kommune om seks nye tilfeller i kommunen.

Fem nye positive testar i Aurland: Totalt 11 er no smitta

Det melder Aurland kommune i ei pressemelding tysdag kveld.

Publisert Sist oppdatert

– Me har no fått svar på dei 30 PCR testane innsendt i går, og av desse var 10 positive for korona, skriv Aurland kommune i ei pressemelding.

Av dei ti positive testane var fem allereie kjent frå måndagen, då fem personar testa positivt på hurtigtest.

Tysdag er altså fem nye bekrefta smitta ved PCR test, og dessutan eitt tilfelle ved hurtigtest.

– Dei som driv med smittesporing jobbar hardt. Det er litt utfordrande og kommunisera grunna språklege utfordringar, seier ordførar Trygve Skjerdal.

Totalt 11 er no smitta i utbrotet.

Powered by Labrador CMS