Foto: Aurland Brannvesen
Opprydjingsarbeid pågår framleis fleire stader: Her er oversikta
Etter ein rasprega onsdag held ein framleis på med opprydjing.
Onsdag var ein svært rasprega dag i store delar av Sogn. Fleire stader har ein nytta torsdagen til opprydjingsarbeid.
Arnafjord
Over fylkesveg 5600 i Arnafjord like ved Eitreneset gjekk det eit mellomstort ras.
Vegtrafikksentralen meldte om raset natt til onsdag. Fleire store steinar rasa ut i vegen, delar av autovernet vart øydelagt og det kom sprekkar i vegen.
Ei vurdering om opning av vegen skulle kome klokka 10:00 torsdag, men grunna mykje nedbør i laupet av dagen vert ikkje vegen opna likevel.
Vegtrafikksentralen skriv på Twitter at ei ny vurdering kjem seinare i dag, altså torsdag klokka 16:00.
Fredag er det framleis stenging på staden med opningstider.
Gudvangen
Igjen er det faren for mykje nedbør som held vegen stengt. Onsdag gjekk det eit ras over fylkesveg 5623 mot Bakka ved Gudvanga ferjekai.
Vurdering om eventuell opning skulle kome torsdag klokka 10:00, men vert no utsett til klokka 12:00 fredag.
Vegtrafikksentralen melder på Twitter i titida torsdag at geolog er venta på staden i morgon tidleg.
Fredag opplyser Vegtrafikksentralen om at vegen opna igjen like før klokka halv tolv.
Voldadalane
Etter raset over fylkesveg 5625 ved Voldadalane i Aurland er vegen framleis stengt. Ei vurdering skulle kome klokka 10:00 torsdag.
Like før 09:30 melder vegtrafikksentralen om at vegen ikkje kjem til å opne før fredag.
Trafikkoperatør i Statens vegvesen, Christer Eide, seier geolog ikkje kjem før då.
– Det har vore hektiske dagar no, så geologen kjem seg ikkje fram før då. Ny vurdering vert difor tatt i morgon klokka 10:00, opplyser Eide.
Tidleg fredag opplyser Andreas Herland, trafikkoperatør i vegtrafikksentralen at vegen er opna.
– Det er framleis opprydjingsarbeid på staden, men det er mogleg å passere.
Undredalen
Eit mindre ras gjekk over Undredalsvegen i Aurland onsdag.
Vegtrafikksentralen melder like før halv ti torsdag morgon at vegen er rydja og det er fri ferdsel på staden.
Borlaug
Etter at eit vogntog velta over ende i rundkøyringa ved Borlaug i Lærdal, er opprydjinga starta.
Torsdag føremiddag er rundkøyinga full av flatpakka ikeamøbler då dette måtte fjernast frå vogntoget før ein kunne fjerna sjølve vogntoget.
Vegtrafikksentralen opplyser om at dette kan ta tid, men at det er mogleg å passere.
Torsdag klokka 16:59 melder Vegtrafikksentralen Vest at vogntoget er berga og at det igjen er fri ferdsel i rundkøyringa.