STENGD: Rundt klokka 12:30 torsdag var vegen framleis stengd.
STENGD: Rundt klokka 12:30 torsdag var vegen framleis stengd.

Opner truleg i kveld

Fylkesvegen har vore stengd sidan onsdag.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag gjekk det eit ras over Skjerdalsvegen i Aurland. Vegen har vore stengt sidan i går i avvente av opprydding.

Arbeidet med å få vegen klarert lot i midlertid vente på seg til torsdag ettermiddag.

– Dei held på å rydda no, og entreprenøren håpar på å få opna vegen i kveld, seier trafikkoperatør Lise Kristoffersen.

Det skal ikkje vera store raset det er snakk om og det er ikkje mykje som gjenstår. Er ein heldig kan vegen opna seint i ettermiddag.

Ifølgje entreprenøren er det ikkje fare for meir ras i området.

Powered by Labrador CMS