Reklameinnhald
HUGS RØYKVARSLAR: I vintermånadene, og ikkje minst i romjulsveka, er det mange fleire brannar enn elles i året.
Annonse
HUGS RØYKVARSLAR: I vintermånadene, og ikkje minst i romjulsveka, er det mange fleire brannar enn elles i året. (Foto: Synne Asheim Haga)
Innhald frå annonsør
Annonse

Tør du seie nei til tryggleiken for deg og din familie?

Det er ikkje berre levande lys som har skuld i den auka brannfaren i vintermånadene. 1 av 2 brannar kjem av det elektriske anlegget.

Sjå 12 kontrollpunkt for ein tryggare heim nedst i artikkelen.

Den auka brannhyppigheita i jula har samanheng med stor aktivitet heimen; meir omfattande bruk av elektrisitet, matlaging, levande lys og peiskos - i mange tilfelle i kombinasjon med alkohol.

– Folk kan miste oversikta i julekaoset, som aukar brannfaren. Tildekking av varmeomnar, tørrkoking, eit mengde julelys, lading av mobilar, og så vidare. Alt dette er kopla til det elektriske anlegget, som elles i året ikkje har same belastning, seier Bjørn Hunshammer ved Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE).

Feil på elektriske anlegget og feil bruk av utstyr utgjer 40 % av brannar i Noreg. Mange av desse kunne vore unngått dersom me hadde vore meir merksame.

Røykvarslar er det viktigaste utstyret for å redde liv

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka. 

– Bustadbrannar som tek liv, skjer som regel om natta. Halvparten av alle dødsbrannar skjer i bustader der røykvarslaren ikkje fungerer. Du bør gjere det til ein vane å jamleg sjekke om røykvarslaren fungerer, gjerne ein gong om månaden, seier Gaute Johnsgaard, Brannsjef i Årdal og Lærdal.

Johnsgaard påpeikar at du også bør kople røykvarslarane saman, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere og vere med på å redde deg og familien din.

12 enkle kontrollpunkt som aukar branntryggleiken betrakteleg:

  • Sjekk røykvarslar og brannslokkingsapparat.
  • Ver merksam ved bruk av stearinlys, fyring og bruk av open eld.
  • Sjekk inntakssikringar (plassert under sikringsskap, på loft eller i kjellar): Er dei unormalt varme? Skrusikringar må strammast til.
  • Sjekk sikringsskap: Er sikringar unormalt varme? Skrusikringar må strammast til.
  • Vær merksam ved bruk av skøyteleidning. Desse skal ikkje nyttast til varmeovnar.
  • Sjekk skøyteleidningar, er dei utsatt for skade? skift ut dei som er gamle og/ eller øydelagte.
  • Sjekk leidningar, stikkontaktar og støpsel.
  • Sjekk varmeomnar, ladarar og anna elektrisk utstyr.
  • Vær merksam ved koking: Brann ved koking er desidert den største årsaka til bustadbrann.
  • Vær merksam ved bruk av kaffitraktar og vannkokar
  • Sjekk støpsel varmtvannstank. I seinare tid har det vist seg at også dette har vore årsak til mange brannar.
  • Ved mistanke om feil ved det elektriske anlegget, IKKJE VENT! Ta kontakt med elektrikar.

– Utfør eigenkontroll hjå deg sjølv og din næraste familie. Innsatsen kan vere med på å redde liv, seier Hunshammer.

www.sikkerhverdag.no finn du nyttig informasjon om komfyrvakt og andre tiltak som betrar branntryggleiken.

Kontaktpersonar lokalt:

  • Årdal Energi DLE v/Bjørn Hunshammer tlf. 57 64 86 00
  • Årdal Kommune brannsjef v/Gaute Johnsgaard tlf. 57 66 50 00
Til toppen