Reklameinnhald
Annonse
Foto: Oskar Andersen © (Bilde: Oskar Andersen ©)
Innhald frå annonsør

Høgst og lågst – energi med utfordringar

Med bratte fjell og djupe fjordar er ikkje Årdal den enklaste kommunen i Norge å strekke kablar og sette opp og vedlikehalda master.

Fagfolk utan høgdeskrekk
Årdal Energi er det energiverket i landet som har størst høgdeskilnad på anlegga sine. Me er 1500 meter over havet med forsyning, og den djupaste kabelen i Sognefjorden ligg tusen meter under vassflata.

Energimontørane har ein krevjande kvardag med å ta seg fram sjølve, samt frakta tungt utstyr ut til dei ulike linjene i bygdi. Dette krev mykje tryggleiksutstyr, då Årdal Energi har høg fokus på HMS. For at ein skal ha eit stabilt nett med få utkoplingar, er det viktig med høg kvalitet på utstyr og utførsle, samt beredskapsvakt dag og natt heile året. Alt dette er kostbart.

Årdal Energi er avhengige av gode lokale lagspelarar hjå entreprenørar og andre samarbeidspartar som kan hjelpa oss, også når uhellet er ute, til dømes når ei linje ramlar ned. God beredskap og lokalkunnskap er viktig for rask gjenoppretting, fortel Jørgen Luggenes, Everk sjef i Årdal Energi.

Pris regulert av styresmaktene
Det er ikkje Årdal Energi som sjølv bestemmer kva nettleiga skal vera. Det er Norges Vassdrags- og Energidirektorat som kvart år fastset ei individuell inntektsramme for kvart av Norge sine nettselskap.

Fastsettinga vert gjort på grunnlag av historiske kostnader i verksemda, samt ein kostnadsnorm fastsett av NVE som skal sikra at verksemda driv effektivt. Inntektsramma gjev ei øvre grense på kor stor inntekt nettselskapet kan henta inn gjennom nettleiga. Meir om dette kan du lesa her

Til toppen